Opna hovudmenyen
Solveig Bøhle, norsk radiojournalist og forfattar.

Solveig er eit kvinnenamn med opphav i det norrøne namnet Sǫlveig. Dette namnet er sett saman av sǫl 'sal, hus' eller 'sol' og –veig av ukjent opphav, men som kan tyda 'styrke' eller 'stridande'.

I Noreg har Solveig namnedag 1. september.

Innhaldsliste

Bruken av namnet i NoregEndra

Populariteten til namnet steig kraftig først på 1900-talet, med ein topp i 1920-åra, slik at det kring 1930 var det mest brukte kvinnenamnet i Noreg.

  • Ved folketeljinga i 1801 var det 57 med dette namnet, i formene Solvey, Solvei, Solveg, Solveig
  • Ved folketeljinga i 1900 var det 1935 som hadde namnet, i formene Solveg, Solvei, Solveig, Solvej, Solvejg, Solvey
  • I 2008 var det 19576 som hadde Solveig til første fornamn. 59 heitte Solvei.

Kjende namneberararEndra

I litteraturenEndra

KjelderEndra