Solveig Barstad

norsk programleiar

Solveig Margrethe Barstad (fødd 4. desember 1966) er ein norsk programleiar for TV 2.

Solveig Barstad

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. desember 1966 (56 år)
Førde kommune Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist, politikar
Politisk parti Høgre
Far Helge Barstad Sjå dette på Wikidata
Ektefelle Jan Tore Sanner Sjå dette på Wikidata
Born Maria Barstad Sanner, Sigrid Barstad Sanner
Solveig Barstad på Commons

Bakgrunn og familie Endra

Solveig Barstad vart fødd i Førde. Ho har hovudfag i statsvitskap og grunnfag i historie og offentleg rett frå Universitetet i Oslo.

Barstad er dotter av Helge Barstad og syster av Hilde Barstad, begge Høgre-politikarar. Saman med systera var ho aktiv i Unge Høgre i 1980-åra og tok del i elitekurset til Unge Høgre i 1986.[1] Solveig Barstad er gift med Høgre-politikaren Jan Tore Sanner.

Karriere Endra

Solveig Barstad arbeidde tidlegare i NRK Dagsnytt og har vore journalist i NRK Sogn og Fjordane og kanalvert i NRK. Sidan 1995 har ho vore knytt til TV 2, fyrst som programleiar og redaksjonsleiar i God morgen Norge før ho i 2000 tok over som programleiar i TV 2 hjelper deg etter Arve Juritzen.[2] Barstad har òg leidd program som Redd ferien min og Matkontrollen på TV 2.

Kjelder Endra

  1. Lasse Lehre, red. (2010). Elitekurset gjennom 50 år. Unge Høyres Landsforbund. s. 33–35. 
  2. «Solveig Barstad», TV 2 (på norsk), 28. mars 2008, henta 3. mars 2023 

Bakgrunnsstoff Endra