Jan Tore Sanner

norsk politikar

Jan Tore Sanner (fødd 6. mai 1965 i Bærum, Akershus) er ein norsk politikar frå Høgre. Han var kommunal- og moderniseringsminister i regjeringa Solberg frå 2013 til 2018, og kunnskaps- og integreringsminister frå 2018 til 2020.[1]. Frå 24. januar 2020 er han finansminister.

Jan Tore Sanner
Jan Tore Sanner (2017-03-12 bilde03).jpg
Jan Tore Sanner
Foto: Kjetil Ree
Fødd 6. mai 1965 (55 år)

Bærum

Parti Høgre
1. verv Norsk finansminister
 - periode 24. januar 2020– i dag
 - regjering Solberg
 - føregangar Siv Jensen
2. verv Norsk kunnskaps- og integreringsminister
 - periode 17. januar 2018– 24. januar 2020
 - regjering Solberg
 - føregangar Torbjørn Røe Isaksen
 - etterfylgjar Trine Skei Grande
3. verv Norsk kommunal- og moderniseringsminister
 - periode 16. oktober 2013–17. januar 2018
 - regjering Solberg
 - føregangar Liv Signe Navarsete
 - etterfylgjar Monica Mæland
4. verv 1. nestleiar i Høgre
 - periode 27. april 2008–
 - føregangar Per-Kristian Foss
5. verv 2. nestleiar i Høgre
 - periode 9. mai 2004–27. april 2008
 - føregangar Per-Kristian Foss
 - etterfylgjar Erling Lae
6. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1. oktober 1993–
 - valkrins Akershus
7. verv Stortingsrepresentant
 - periode 16. oktober 1989– 3. november 1990
 - valkrins Akershus
8. verv Leiar av Unge Høgre
 - periode 24. juni 1990– 26. juni 1994
 - føregangar Børge Brende
 - etterfylgjar André Støylen

Han har vore 1. nestleiar i Høgre sidan 2008, og var 2. nestleiar frå 2004. Sanner har vore vald inn på Stortinget for Akershus fylke sidan 1993, og møtte som vararepresentant for Kaci Kullmann Five frå 1989 til 1990. Sidan 2005 har han vore medlem i Stortingets valkomité og 2. nestleiar i Stortingets finanskomité. Sanner er Høgres talsmann for økonomi og næringsliv. Han var styreformann ved Henie Onstad Kunstsenter frå 2000 til 2002, og har delteke i ei rekkje offentlege utval.

BakgrunnEndra

Sanner vart fødd i Bærum i Akershus i 1965, som son av Tore Sanner (fødd 1935) og barnevernskonsulenten Nina Bülow-Nielsen (fødd 1937). Han var varamedlem av Bærum kommunestyre frå 1983 til 1989, og han har examen artium frå 1984, eksamen innan leiing av marknadsføring ved Handelshøyskolen BI frå 1987. Han har også eksamenar innan marknadskommunikasjon grunnfag ved Westerdals reklameskole frå 1989, og marknadsøkonomi ved Norges Markedshøyskole frå 1994.

Sanner er gift med journalisten Solveig Barstad, kjend som programleiar for TV 2 hjelper deg og God morgen, Norge!.

Sanner vart tildelt Dysleksiprisen av Telemark fylkeslag av Dysleksiforbundet i 1997.

Politisk arbeidEndra

Han var valkampsekretær for Bærum Høgre i forkant av stortingsvalet 1985, og var formann i Bærum Unge Høgre frå 1985 til 1986. Politisk sekretær i Unge Høgre frå 1986 til 1987, og formann i Akershus Unge Høgre frå 1987 til 1988. I 1988 vart han vald til nestleiar i Unge Høgre, og var seinare leiar i to periodar frå 1990 til 1994. Medlem av sentralstyret til Høgre frå 1988 til 1994, og arbeidsutvalet frå 1990 til 1994.

Sanner var 1. vararepresentant til Stortinget frå 1989, og møtte på Stortinget for Kaci Kullmann Five frå 1989 til 1990. Han sat då i Stortingets forbrukar- og administrasjonskomité. I 1993 vart han vald inn på eige mandat, og vart medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen. Frå 1997 til 2001 var han nestleiar i Energi- og miljøkomiteen, og medlem i Den utvida utanrikskomiteen, Finanskomiteen og Valkomiteen frå 2001 til 2005. Sidan 2005 har han vore 2. nestleiar i Finanskomiteen og medlem i Valkomiteen.

Sanner var formann i Bærum Høgre frå 1998 til 2000, og leiar i Akerhus Høgre frå 2001 til 2005. Ved landmøtet til Høgre i 2004 vart han vald til 2. nestleiar av partiet etter Per-Kristian Foss, som samtidig vart vald til 1. nestleiar. Sanner vart vald på nytt i 2006, og vart vald til 1. nestleiar etter Foss i 2008. Sanner har vore nestleiar i gruppestyret til Høgre på Stortinget sidan 2001, og leidde programkomiteen som la fram forslag til programet til Høgre under stortingsvalet for perioden 2005–2009, og var medlem i same komité for perioden 2001–2005.

StortingskomitearEndra

KjelderEndra

  1. «Endringer i regjeringen». Regjeringa.no. 17. januar 2018. Henta 19. januar 2018. 

BakgrunnsstoffEndra