Solveig Kopperstad Bratseth

Solveig Kopperstad Bratseth (fødd 5. mai 1958) er ein norsk sjukepleiar, politikar og fagforeiningsleiar som var 1. nestleiar i Norsk Sykepleierforbund (NSF) frå 2011 til 2019.[1] Ho var vald til medlem i forbundsstyret i NSF i 2004–2007 og gjenvald som medlem i 2007–2011.

Solveig Kopperstad Bratseth
Fødd5. mai 1958 (65 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkesjukepleiar, fagforeiningsleiar, politikar

På landsmøtet i 2011 vart ho for fyrste gong vald til 1. nestleiar for perioden 2011-2015, andre gong for perioden 2015-2019.[2][3]

Kopperstad Bratseth er oppvaksen i Herøy kommuneSunnmøre og utdanna sjukepleier ved Bergens Diakonissehjems Sykepleierhøyskole. Ho har arbeidd som sjukepleier, sjukepleiarleiar og som seniorrådgjevar i NAV. Bratseth var medlem i Trondheim bystyre for KrF frå 1995 til 2007. Frå 2005 til 2013 var ho 1. vara for Sør-Trøndelag KrF på Stortinget[4].

Kjelder endre

  1. «Ny forbundsledelse valgt i Norsk Sykepleierforbund» (på norsk). Arkivert frå originalen 13. august 2020. Henta 22. mai 2020. 
  2. Unio. «Ny ledelse i NSF». Ny ledelse i NSF. Arkivert frå originalen 25. januar 2018. Henta 19. november 2021. 
  3. «Forbundsledelsen gjenvalgt» (på norsk). Arkivert frå originalen 26. januar 2018. Henta 19. november 2021. 
  4. «Bratseth, Solveig Kopperstad (1958-)» (på norsk bokmål). 9. mars 2008. Henta 25. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Solveig Kopperstad Bratseth