Sommar-OL 1992
Sommar-OL 1992 vart halde i Barcelona i Catalonia, Spania. Samveldet av uavhengige statar vart beste lag. Noreg tok to gullmedaljar, fire sølv og ein bronse.[1]
Sommar-OL 1992 | ||||
Friends Forever | ||||
Idrettsgreiner | 32 | |||
Opna | 25. juli 1992, av Juan Carlos I av Spania | |||
Eldtennar | Antonio Rebollo | |||
Avslutta | 9. august 1992 | |||
Utøvarar | ||||
---|---|---|---|---|
Menn | 7 010 | |||
Kvinner | 2 851 | |||
Totalt | 9 861 | |||
Dei olympiske sommarleikane | ||||
|
Bombeattentat
endreI taket på arenaen Palau Sant Jordi vart det funne ei bombe nokre dagar før OL starta. Bomba vart destruert like etter ho vart funnen. Det var truleg ei gruppe med tilknyting til ETA som hadde plassert bomba på arenaen.[2]
Opningsseremoni
endreUnder opningsseremonien vart ei brennande pil skoten opp i ei gryte for å tenne den olympiske elden. Elden vart ikkje påtent av pila, men ved at nokon trykkja på ein knapp.[2]
Norske resultat
endreLinda Andersen blei den første norske kvinna som vann gull i eit sommar-OL. Det skjedde i segling, i klassen europajolle. Jon Rønningen vann gull i bryting. Norske utøvarar tok også fire sølv- og ein bronsemedalje.
Medaljestatistikk
endreNasjonane med flest medaljar (og Noreg)[1] | |||||
---|---|---|---|---|---|
Plass | Land | Gull | Sølv | Bronse | Totalt |
1 | SUS | 45 | 38 | 29 | 112 |
2 | USA | 37 | 34 | 37 | 108 |
3 | Tyskland | 33 | 21 | 28 | 82 |
4 | Kina | 16 | 22 | 16 | 54 |
5 | Cuba | 14 | 6 | 11 | 31 |
6 | Spania | 13 | 7 | 2 | 22 |
7 | Sør-Korea | 12 | 5 | 12 | 29 |
8 | Ungarn | 11 | 12 | 7 | 30 |
9 | Frankrike | 8 | 5 | 16 | 29 |
10 | Australia | 7 | 9 | 11 | 27 |
22 | Noreg | 2 | 4 | 1 | 7 |
Tilleggsstoff
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «OLYMPIC GAMES Barcelona 1992 - Medal Table» - medaljeoversikta på IOC si heimesida
- ↑ 2,0 2,1 NRK: Fant bombe kun dager før Barcelona-OL