Sommer i Palma

song frå 1961 med Nora Brockstedt
«Sommer i Palma»
Singel av Per Asplin og Nora Brockstedt
Land Noreg
Språk Norsk

«Sommer i Palma» var det norske bidraget i Eurovision Song Contest 1961, framført av Nora Brockstedt. Teksten er skriven på norsk.

«Sommer i Palma»
Eurovision Song Contest 1961
Land Noreg
Artist(ar) Nora Brockstedt
Språk Norsk
Komponist(ar) Jan Wølner
Låtskrivar(ar) Egil Hagen
Resultat
Finalepoeng 10
Finaleplass 7
Noreg i Eurovision Song Contest
«Voi Voi»
(1960)
«Sommer i Palma» «Kom sol, kom regn»
(1962)

Melodi Grand Prix 1961Endra

Songen vart framført to gongar i Melodi Grand Prix 1961, éin gong av Per Asplin og éin gong av Nora Brockstedt. Nora Brockstedt vann med 70 poeng og fekk representere Noreg i Eurovision Song Contest 1961.

Eurovision Song Contest 1961Endra

Songen starta som nummer tolv i finalen, etter Belgia med «September, gouden roos» av Bob Benny og før Danmark med «Angelique» av Dario Campeotto. Bidraget fekk fem poeng frå Belgia, to poeng frå Finland og eitt poeng frå Spania, Jugoslavia og Danmark. Noreg fekk til saman ti poeng og enda på sjuandeplass av totalt 16 bidrag.

KjelderEndra