Noreg debuterte i Eurovision Song Contest 1960 med songen «Voi Voi», framført på norsk av Nora Brockstedt. Landet har deltake kvart år, med unntak av 1970 og 2002. Bidraga vert valde i den nasjonale finalen, Melodi Grand Prix. I 1985 vann Bobbysocks Eurovision Song Contest med songen «La det swinge», i 1995 vann Secret Garden med songen «Nocturne» og i 2009 vann Alexander Rybak med songen «Fairytale».
|
---|

|
|
Uttakingar
|
---|
Nasjonalt |
51
|
Internt |
1
|
Deltaking
|
---|
Debutår |
1960
|
Deltakingar |
52
|
Beste resultat
|
---|
Semifinalen |
1 (2009 og 2018)
|
Finalen |
1 (1985, 1995 og 2009)
|
Verste resultat
|
---|
Semifinalen |
18 (2007)
|
Finalen |
Sist: 26 (2012), 24 (1997 og 2004), 22 (2001), 21 (1990), 20 (1978 og 1981), 18 (1976), 16 (1969), 14 (1974) og 13 (1963)
|
Poeng
|
---|
Semifinalane |
1 166
|
Finalane |
2 694
|
Totalt |
3 860
|
Attåt desse suksessane har Noreg fått null poeng fire gonger og enda sist heile elleve gonger, noko som er rekord i tevlinga. I 2009 fekk Noreg to nye rekordar då Alexander Rybak vann med 387 poeng – 169 poeng meir enn andreplassen. Same år fekk Noreg òg rekorden i å få flest tolvarar i ei tevling, heile 15 gonger. Denne rekorden vart slått av Sverige då dei vann med 18 tolvarar i 2012.
Sidan semifinalen vart innført i 2004, er dei beste plasseringane til Noreg sigeren til Alexander Rybak i 2009, fjerdeplassen til Margaret Berger i 2013 og femteplassen til Maria Haukaas Storeng i 2008.
Dei norske bidraga har til saman vorte framført på 14 ulike språk: norsk, engelsk, fransk, spansk, italiensk, nederlandsk, tysk, irsk, hebraisk, serbokroatisk, finsk, svensk, nordsamisk og swahili. Noreg er i tillegg det landet som har nytta flest språk i éin song. «It's Just a Game» av Bendik Singers, som representerte Noreg i 1973, vart framført på tolv språk: engelsk, fransk, spansk, italiensk, nederlandsk, tysk, irsk, serbokroatisk, hebraisk, finsk, svensk og norsk.