Somos novios
Somos novios Singel av Armando Manzanero frå albumet Su piano y su orquesta | ||
Språk | spansk | |
Utgjeve | 1968 | |
Sjanger | Bolero | |
Selskap | RCA Victor | |
Komponist | Armando Manzanero | |
Tekstforfattar | Armando Manzanero | |
Låtskrivar(ar) | Armando Manzanero | |
---|---|---|
Armando Manzanero-kronologi | ||
«Perdóname» | Somos novios | «Aquel Señor»
|
It's Impossible Singel av Perry Como frå albumet It's Impossible | ||
B-side |
«Long Life, Lots of Happiness» | |
---|---|---|
Språk | spansk | |
Utgjeve | November 1970 | |
Sjanger | Cubansk bolero | |
Selskap | RCA Victor | |
Komponist | Armando Manzanero | |
Tekstforfattar | Armando Manzanero | |
Låtskrivar(ar) | Armando Manzanero/Sid Wayne | |
Produsent | Don Costa | |
Perry Como-kronologi | ||
«Seattle»
(1969) |
It's Impossible | «I Think of You»
(1971) |
Somos Novios (It's Impossible) av Andrea Bocelli med Christina Aguilera frå albumet Amore | ||
Språk | spansk | |
Utgjeve | Mars 2006 | |
Sjanger | Klassisk, pop | |
Lengd | 4:22 | |
Selskap | Sugar Records, Opera & Blues Records, Decca Records | |
Komponist | Armando Manzanero | |
Tekstforfattar | Armando Manzanero | |
Låtskrivar(ar) | Armando Manzanero | |
---|---|---|
Produsent | David Foster og Humberto Gatica | |
Andrea Bocelli med Christina Aguilera-kronologi | ||
«Un Nuovo Giorno» (2004) |
Somos Novios (It's Impossible) | «Because We Believe» (2006) |
Christina Aguilera singles-kronologi | ||
«Tilt Ya Head Back» (2004) |
Somos Novios (It's Impossible) | «Ain't No Other Man» (2006)
|
«Somos Novios (It's Impossible)» er ein song opphavleg skriven og spelt inn av den meksikanske låtskrivaren Armando Manzanero i 1968.[1] Den originale innspelinga til Manzanero vart innlemma i Latin Grammy Hall of Fame i 2001.[2]
Innspelingar
endreSongen vart omsett til engelsk i 1970 av Sid Wayne.[3] Han vart først spelt inn av Perry Como same året under tittelen «It's Impossible».[4] Songen vart ein av dei mest populære bolero-songane gjennom tidene. Utanom Como, er songen spelt inn av Elvis Presley, Andy Williams, Robert Goulet, The Three Degrees, Jerry Vale, Dennis Brown, Andrea Bocelli og Frankrikes Yip i tillegg til fleire andre.
Como-versjonen vart ein av dei største hittane hans, og i februar 1971 vart han den første songen hans som nådde toppen av Billboard Hot 100 på meir enn 12 år. Songen gjekk til topps etter òg å ha nådd toppen av Billboard Easy Listening-lista.[5] Singelen nådde fjerdeplassen på UK Singles Chart i 1971.
Vikki Carr spelte ein versjon av songen i 1972 på The Tonight Show Starring Johnny Carson. Sergio Franchi spelte inn denne songen (på engelsk) på det siste albumet sitt, Sergio Con Amore-From My Private Collection (Gold Records, 1976).[6]
Andrea Bocelli framførte songen som duettar med Christina Aguilera, Katharine McPhee og Rimi Natsukawa i 2006. Aguilera er med på Bocelli-albumet Amore, medan duetten med Natsukawa er bonusspor på albumutgåva i Japan.[7][8]
Songen vart spelt inn av den italienske songaren Mina i 1988 på albumet Ridi Pagliaccio.
Tejano-gruppa Mazz spelte songen som ein del av ein medley kalla «Canciones De Amor» på albumet Para Nuestra Gente.
Julio Iglesias spelte inn songen, på engelsk, i 2006 på albumet Romantic Classics.
Luis Miguel spelte inn ein versjon av songen på albumet sott Segundo Romance, som vart produsert i lag med Manzanero. Manzanero sjølv spelte inn songen som ein duett med den puertoricanske songaren Olga Tañón i 2001 på albumet Duetos.
Clay Aiken spelte inn songen i 2010 på albumet Tried and True.
Ein versjon av songen vart brukt i slutten av ein av episodane til Netflix-serien Grace and Frankie med Jane Fonda og Lily Tomlin.
I 2016 spelte Marina Prior og Mark Vincent inn songen på albumet sitt Together.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Somos Novios (It's Impossible)» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Somos novios by Armando Manzanero (Album, Bolero): Reviews, Ratings, Credits, Song list». Rate Your Music. 30. april 2014. Henta 22. juni 2017.
- ↑ «Latin GRAMMY Hall Of Fame». Latin Grammy Award. Latin Academy of Recording Arts & Sciences. 2001. Henta 22. juni 2017.
- ↑ «It's Impossible». Secondhand Songs.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ «Elvis Presley: Original Version Recordings of Songs He Sang». Davidneale.eu. Henta 22. juni 2017.
- ↑ Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 62.
- ↑ «Sergio Franchi Diskografi at Discogs». Discogs.com. Henta 22. juni 2017.
- ↑ «『AMORE』貴方に贈る愛の歌». Universal-music.co.jp. Arkivert frå originalen 29. september 2009. Henta 22. juni 2017.
- ↑ «夏川りみ オフィシャルサイト». Rimirimi.jp. Arkivert frå originalen 28. februar 2009. Henta 22. juni 2017.