Sonate i A-dur for fløyte eller blokkfløyte og cembalo
Sonate i A-dur for fløyte eller blokkfløyte og cembalo av Johann Sebastian Bach (BWV 1032) er ein sonate i tre satsar:
- Vivace
- Largo e dolce
- Allegro
BWV 1032 Sonate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Kammermusikk | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1736 | ||
Publiseringsdato | 1866 i Leipzig | ||
Typisk lengd | 12:28 | ||
Satsar/akter | 3 | ||
Toneart | A-dur | ||
Instrumentering | fløyte, cembalo |
I denne sonaten er ikkje klaveret berre eit generalbassinstrument som fyller inn akkordar som eit akkompagnement, men det er ein fullverdig del av sonaten med melodilinjer på eiga hand. Dette er den einaste Bach-sonaten for fløyte der det signerte manuskriptet overlevde til 1900-talet. Det vart diverre øydelagd under den andre verdskrigen. 46 taktar frå den første satsen vart på eit punkt klipt ut og moderne utgåver fyller dette gapet med nytt materiale frå den første halvdelen av satsen.[1]
|
||||||||||||
Problem med å høyra desse filene? Sjå mediahjelp. |
Bakgrunnsstoff
endre- Sonatar for fløyte og klaver, BWV 1030-32: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
Kjelder
endre- ↑ Sonata for flute & keyboard in A major, BWV 1032 på Allmusic av James Reel. Henta 27. april 2010.