Sonate i e-moll for fløyte eller blokkfløyte og basso continuo

Sonate i e-moll for fløyte eller blokkfløyte og basso continuo av Johann Sebastian Bach (BWV 1034) er ein sonate i fire satsar:

  • Adagio ma non tanto
  • Allegro
  • Andante
  • Allegro
Sonate i e-moll for fløyte eller blokkfløyte og basso continuo
BWV 1034
Sonate av Johann Sebastian Bach
SjangerKammermusikk
PeriodeBarokken
Komponert1724
Publiseringsdato1867 i Leipzig
Typisk lengd14:09
Satsar/akter4
Tonearte-moll

Generalbassen kan spelast av forskjellige instrument.

Som Bachs Sonate i E-dur for fløyte eller blokkfløyte og basso continuo, BWV 1035, er dette eit teknisk krevjande verk tileigna fløytisten Michael Gabriel Fredersdorff frå Potsdam, som var tilsett av den fløyteelskande kong Fredrik den store. Dette seier i alle fall ein sein kopi av manuskriptet, ikkje skriven av Bach. Det finst òg ein tidlegare kopi av organisten Johann Peter Kellner frå rundt 1725 eller 1726, nesten 20 år før BWV 1035 vart skriven. Anten så er kopien med tileigninga til Fredersdorff feil, ellers så blåste Bach støv av den gamle sonaten så Fredersdorff kunne bruke han.[1]

Kjelder endre

  1. Sonata for flute & continuo in E minor, BWV 1034Allmusic av James Reel. Henta 27. april 2010.

Bakgrunnsstoff endre