Song Qingling

kinesisk politikar (1893–1981)

Song Qingling eller Soong Ching-ling (fødd 27. januar 1893 i Kina død 29. mai 1981 i Beijing, daud 29. mai 1981 i Beijing) var ein kinesisk politisk figur med ei sentral stilling frå og med Xinhairevolusjonen i 1911. Ho var ei av dei tre Song-systrene som alle var gifte med dei viktigaste leiarane i Kina på 1900-talet. Som kona til Sun Yat-sen var ho også kjend som Madame Sun Yat-sen.

Song Qingling

Verkeleg namn kinesisk: 宋庆龄, pinyin: Sòng Qìnglíng
Statsborgarskap Qing, Republikken Kina, Folkerepublikken Kina
Fødd 27. januar 1893
Shanghai
Død

29. mai 1981 (88 år)
Beijing

Yrke politikar
Språk kinesisk, engelsk
Politisk parti Kinas kommunistparti, Kuomintang, Kuomintangs revolusjonære komité
Far Charles Jones Soong
Mor Ni Kwei-tseng
Ektefelle Sun Yat-sen
Song Qingling på Commons

Liv og virke endre

 
Bryllaupsbilete Sun-Song
 
Song Qingling i 1937

Song Qingling var dotter av den velståande forretningsmannen og misjonæren Charlie Soong. Ho fekk skulegang i Shanghai og ved Wesleyan College i Macon i Georgia i USA. Song Qingling gifta seg den 25. oktober 1915 i Japan med Sun Yat-sen, etter at han hadde skild seg frå Lu Muzhen. Foreldra til Qingling var sterkt i mot dette ekteskapet, særleg fordi Sun var 26 år eldre enn ho.

Etter at Sun døydde i 1925 vart ho i 1926 innvald i den sentrale eksekutivkomiteen til Kuomintang. Likevel gjekk ho ut av dette partiet etter at kommunistane var vortne drivne ut av Kuomintang, og drog i eksil til Moskva i 1927.

Sjølv om ho forsona seg med Kuomintang under Den andre kinesisk-japanske krigen (1937–1945), stod ho under den kinesiske borgarkrigen på sida til kommunistane. Ho gjekk likevel ikkje inn i kommunistpartiet.

I 1939 grunnla ho China Welfare Institute (opphavleg China Defense League) i Hongkong.

Frå 1949 bygde ho opp magasinet China Today (opphavleg China Reconstructs) med støtte frå Israel Epstein. Tidsskriftet utkom på seks språk (kinesisk, engelsk, fransk, tysk, arabisk og spansk).

Etter at Folkerepublikken Kina vart grunnlagd i 1949 vart ho visepresident i folkerepublikken, formann for Det kinesisk-sovjetiske venskapsforbundet, og ærespresident for All-China Women's Federation. I 1951 mottok ho Stalins fredspris. Frå 1968 til 1972 var ho statsoverhovud saman med Dong Biwu.

Den 16. mai 1981, to veker før ho døydde, vart ho teken opp i Det kinesiske kommunistpartiet og utnemnd til ærespresident for Folkerepublikken Kina.

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Jung Chang og Jon Halliday: Madame Sun Yat-Sen: Soong Ching-Ling, London:Penguin 1986, ISBN 0-14-008455-X
  • Sterling Seagrave: The Soong Dynasty, 1996, Corgi Books, ISBN 0-552-14108-9
  • Israel Epstein: Woman in World History: The Life and Times of Soong Ching-ling: 1993, China Intercontinental Press, ISBN 7-80005-161-7.
  • Donald W. Klein og Anne B. Clark: Biographic Dictionary of Chinese Communism 1921-1965, Harvard East Asian Series, 0073-0491 ; 57. Cambridge, Mass. 1971. ISBN 0-674-07410-6