Songen Brothers in Arms

Brothers in Arms
Singel av Dire Straits
frå albumet Brothers in Arms
B-side

Going Home (Theme From Local Hero)(Live) & Why Worry (Instrumental Segment)

Språk engelsk
Utgjeve 14. oktober 1985
Innspelt Desember 1984
Sjanger Roots rock, bluesrock
Lengd 6:58 / 6:05 / 4:55
Selskap Vertigo/Warner Bros.
Tekstforfattar Mark Knopfler
Låtskrivar(ar) Mark Knopfler
Produsent Neil Dorfsman
Dire Straits-kronologi 
«Money for Nothing»
(1985)
Brothers in Arms «Walk of Life»
(1985)


«Brothers in Arms» er ein song frå 1985 av Dire Straits som avsluttar albumet med same namn. Songen er i giss-moll. Songen vart gjeve ut på ny i 2007 i ei spesialutgåve til minne om 25-årsjubileet for Falklandskrigen, som songen opphavleg var basert på.

Historie endre

Det finst to studioversjonar av songen: Albumversjonen er 6:55 minuttar lang og den kortare versjonen er 6:05 minuttar lang med ein noko annleis (og kortare) solo i byrjinga og slutten av songen. Versjonen som finst på samleplata The Very Best of Dire Straits er 4:55. Versjonen på konsertalbumet On the Night har ein ekstra pedal steelgitarsolo og er 8:55 lang. Den fulle studioversjonen finst òg på samleplata The Best of Dire Straits & Mark Knopfler: Private Investigations.

Mark Knopfler spelar varnlegvis songen på ein Gibson Les Paul-gitar, i staden for den vanlege Schecter «Stratocaster»-gitaren hans, og han spelar på ein Les Paul-gitar i musikkvideoen, som består av kolteikningar og scener av bandet som spelar og scener frå krig. Under turneen i 1992 spelte Knopfler på ein Pensa-Suhr MK1 for denne og dei fleste andre songane.

Songen skal ha vore den første som vart gjeven ut på CD-singel,[1] og vart gjeven ut i Storbritannia i 1985.

Innhald endre

7" singel

  1. Brothers In Arms - 6:04
  2. Going Home (Theme of the Local Hero) (Live) - 4:45

Lister endre

Liste (1985/88) Plassering
UK Singles Chart 16
Irish Singles Chart 10
Nederlandsk Top 40 59[2]
Australian Singles Chart 57
New Zealand 5

I popkulturen endre

  • Han vart nytta som kjenningsmelodi til Civvies, ein britisk fjernsynsserie frå 1992.[3]
  • Songen vart nytta i ein episode av The West Wing, «Two Cathedrals».
  • Songen vart nytta i ein episode av Due South, «I Coulda Been a Defendant».[4]

Andre versjonar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre