Songen Kings of the Wild Frontier
Kings of the Wild Frontier Singel av Adam and the Ants frå albumet Kings of the Wild Frontier | ||
B-side |
Press Darlings | |
---|---|---|
Utgjeve | 25. juli 1980 | |
Sjanger | Postpunk, new wave | |
Lengd | 3:53 | |
Selskap | CBS Records | |
Låtskrivar(ar) | Adam Ant & Marco Pirroni | |
Produsent | Chris Hughes | |
Adam and the Ants-kronologi | ||
«Cartrouble» (1980) |
Kings of the Wild Frontier | «Dog Eat Dog» (1980)
|
«Kings of the Wild Frontier» var den første singelen til Adam and the Ants med to trommeslagarar som spelte Burundi-rytmen, som bandet vart kjent for. Songen var òg den første Adam Ant og Marco Pirroni skreiv i lag og den første singelen på CBS Records etter at dei forlet Do It Records.[1]
Singelen kom ut 25. juli 1980, og nådde 48. plassen på UK Singles Chart. Etter at dei fekk det store gjennombrotet sitt med «Dog Eat Dog» og «Antmusic» (fjerde og andreplassen) vart «Kings of the Wild Frontier» gjeven ut på ny i februar 1981. Denne gongen nådde songen andreplassen.[2]
Songen vart spelt inn i lag med Adam Ant og Pirroni på gitar, Kevin Mooney på bassgitar og på trommer, både Chris Hughes (under pseudonymet «Merrick») og Terry Lee Miall.
Songen vart gjeven ut på albumet med same namn 3. november 1980.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kings of the Wild Frontier (Adam and the Ants song)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Adam Ant & Marco Pirroni (25. juli 1980). «Kings of the Wild Frontier». Adam-Ant.net. EMI Music Publishing Ltd.
- ↑ «Adam and the Ants Top Songs/Chart Singles Discography». Music VF.com.