Songen New av Paul McCartney
New Singel av Paul McCartney frå albumet New | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2. september 2013 | |
Innspelt | mars 2012, 2013 | |
Sjanger | Pop[1][2] | |
Lengd | 2:57 | |
Selskap |
| |
Tekstforfattar | Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Paul McCartney | |
---|---|---|
Produsent | Mark Ronson | |
Paul McCartney-kronologi | ||
«Out Of Sight» (The Bloody Beetroots) (2013) |
New | «Queenie Eye» (2013)
|
«New» er ein song skriven av Paul McCartney. Han vart opphavleg spelt inn av McCartney og produsert av den engelske musikaren Mark Ronson for det 16. studioalbumet til McCartney, New. Songen vart tilgjengeleg 28. august 2013 på iTunes Store og kom ut som eigen singel 2. september 2013, men var då berre tilgjengeleg via Amazon.com. Singelen vart mykje spelt på radio i Japan, der han nådde 4. plassen på Japan Hot 100.
McCartney framførte songen på fleire TV-show, som Jimmy Kimmel Live og Late Night with Jimmy Fallon, i tillegg til iHeartRadio Music Festival der han spelte fleire av songane på det nye albumet.
Medverkande
endre- Paul McCartney - vokal, bassgitar, cembalo, piano, mellotron, Wurlitzer elektrisk piano, congatrommer, maracas, bouzouki
- Rusty Anderson - korvokal, gitar, bouzouki
- Brian Ray - korvokal, gitar
- Abe Laboriel, Jr - korvokal, trommer
- Paul Wickens - korvokal
- Steve Sidwell - trompet
- Jamie Talbot - tenorsaksofon
- Dave Bishop - barytonsaksofon
Innhald
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «New» | 2:57 |
Salslister
endreListe (2013) | Plassering |
---|---|
Japan (Japan Hot 100)[3] | 4 |
US Adult Alternative Songs (Billboard)[4] | 21 |
US Adult Contemporary (Billboard)[5] | 18 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «New (Paul McCartney song)» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Paul McCartney releases 'New' song from New album». Consequence of Sound. 27. mai 2018. Henta 27. mai 2018.
- ↑ Friedman, Joely (13. november 2013). «Paul McCartney's «New» Still Holds Value for Young Listeners». Huffington Post. Henta 21. november 2013.
- ↑ "McCartney?f=848&g=Singles Paul McCartney Album & Song Chart History" Japan Hot 100 for Paul McCartney. Prometheus Global Media. Henta 26. mai 2018.
- ↑ "Paul McCartney Chart History (Adult Alternative Songs)". Billboard. Retrieved 26. mai 2018.
- ↑ "McCartney?f=341&g=Singles Paul McCartney Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Paul McCartney. Prometheus Global Media. Henta 26. mai 2018.