Rusty Anderson

amerikansk songar

Rusty Anderson (fødd 20. januar 1958) er ein USA-amerikansk musikar og låtskrivar som er mest kjend for arbeidet sitt som sologitarist for Paul McCartney, men han har òg arbeidd med ei lang rekkje artistar i tillegg til solokarrieren sin.[1][2]

Rusty Anderson

Anderson i 2014
Fødd20. januar 1958 (66 år)
FødestadLa Habra i California
OpphavUSA
SjangerRock, alternativ rock
InstrumentGitar
Tilknytte artistarEdnaswap, Paul McCartney, Rusty Anderson Afternoon, Animal Logic
PlateselskapOxide Records, Surfdog, MRI/Red/Sony
Verka som
  • Gitarist
  • plateprodusent
  • komponist

Han har spelt med artistar som The Police, Van Halen, The Runaways, Quiet Riot, Rick Derringer, Eddie Money, The Motels, [3][4] Elton John, Gwen Stefani, Michael Bublé, Cat Stevens, Lana Del Rey, Willie Nelson, Tim McGraw, Carlos Santana, Regina Spektor, Fishbone, Little Richard, og spelte på hitten «Livin’ La Vida Loca» av Ricky Martin.[5]

Karriere

endre

Anderson byrja spela elektrisk gitar som åtteåring. Då han var 13 skipa han det fyrste bandet sitt, Eulogy, som spelte hardrock og var verksamt i seks år.[6]

Seinare skipa Anderson The Living Daylights, som delte scene med Fishbone og OMD. I denne gruppa var han hovudlåtskrivaren.[7]

I 1993 skipa han i lag med Scott Cutler og Anne Preven, Carla Azar og Paul Bushnell bandet Ednaswap. Bandet var verksamt til 1999, og gav ut fire album på East West og Island Records. Det stod bak songen «Torn», som Natalie Imbruglia fekk ein stor hitt med.[8][9]

Etter oppløysinga av Ednaswap blei Anderson studiomusikar for ei rekkje artistar. Han spelte med Paul McCartney på albumet Driving Rain, som kom ut i 2001.[6] Deretter spelte han på den verdsomspennande turneen knytt til albumet, og har spelt med McCartney i studio og på turnear sidan.[5][10]

For det første soloalbumet sitt, Undressing Underwater, inviterte Anderson Paul McCartney til å spele bass og resten av McCartney-bandet til å syngje korvokal på solosongen «Hurt Myself».[11]

I 2013 starta Anderson Rusty bandet Anderson Afternoon i lag med den mangeårige samarbeidspartnaren Todd O'Keefe.[12] Dei to hadde spelt i lag i mange år før dei offisielt danna eit band. Den fyrste singelen til Anderson Afternoon, Effortless, kom ut 30. april 2013.

Diskografi

endre

Soloalbum

endre

Samarbeid

endre

Med Bryan Adams

Med The Bangles

Med Michael Bublé

Med Melanie C

Med Belinda Carlisle

Med Joe Cocker

Med Miley Cyrus

Med Taylor Dayne

Med Lana Del Rey

Med Neil Diamond

Med Dido

Med Nelly Furtado

Med Geri Halliwell

Med Susanna Hoffs

Med Nona Hendryx

  • Skin Diver (Private Music, 1989)

Med Taylor Hicks

Med Courtney Jaye

Med Jewel

  • 0304 (Atlantic Records, 2003)

Med Elton John

Med Ronan Keating

Med Carole King

Med k.d. lang

Med Ricky Martin

Med Paul McCartney

Med Tim McGraw

Med Ingrid Michaelson

Med Billie Myers

Med Stevie Nicks

Med Sinéad O'Connor

Med Lisa Marie Presley

Med Richie Sambora

Med Ron Sexsmith

Med Michael W. Smith

Med Gwen Stefani

Med Patty Smyth

Med Matthew Sweet

Med Rob Thomas

  • ...Something More (Melisma Records, 2005)
  • Cradlesong (Atlantic Records, 2009)
  • Someday (Atlantic Records, 2010)

Med Kim Wilde

Kjelder

endre
  1. «Paul McCartney Guitarist Rusty Anderson Talks Ricky Martin, Van Halen and More». American Songwriter. 12. januar 2021. Henta 26. juni 2021. [daud lenkje]
  2. Perone, Pierre (5. august 2010). «Maybe I'm amazed at being McCartney's chosen gitarist». The Independent. Henta 18. november 2017. 
  3. Blackett, Matt (3. juni 2013). «Spotlight Then and Now: Rusty Anderson». Guitar Player. Henta 28. mai 2022. 
  4. «Rusty Anderson Interview Part One». Photos.mccartney.net. 2. april 2004. Arkivert frå originalen 19. oktober 2018. Henta 8. mars 2017. 
  5. 5,0 5,1 «International Guitarist Rusty Anderson to Perform at Smothers Theatre», Pepperdine University (på engelsk), henta 6. januar 2024 
  6. 6,0 6,1 «Rusty Anderson», www.maximumink.com, henta 6. januar 2024 
  7. Hall, Tina (4. april 2015), The Damned Book of Interviews (på engelsk), Crossroad Press, henta 6. januar 2024 
  8. «Natalie Imbruglia — Torn — Listen, watch, download and discover music for free at». Last.fm. Henta 8. mars 2017. 
  9. Deming, Mark. «Rusty Anderson Biography». Allmusic. Henta 18. november 2017. 
  10. «Meet Rusty Anderson, Paul McCartney’s Lead Guitarist Since 2001 – Rolling Stone», McCartney Times (på engelsk), 12. oktober 2023, henta 6. januar 2024 
  11. «Music Review: Rusty Anderson – Born On Earth». Blogcritics.org. 1. november 2009. Arkivert frå originalen 29. juli 2014. Henta 8. mars 2017. 
  12. O'Keefe, Todd. «Todd O'Keefe | Credits». AllMusic. Henta 8. mars 2017. 

Bakgrunnsstoff

endre