Songen Prince Charming

Prince Charming
Singel av Adam and the Ants
frå albumet Prince Charming
B-side

Christian D'or

Utgjeve 4. september 1981
Sjanger New wave
Lengd 3:17
Selskap CBS
Låtskrivar(ar) Adam Ant og Marco Pirroni
Produsent Chris Hughes[1]
Adam and the Ants-kronologi 
«Stand and Deliver»
(1981)
Prince Charming «Ant Rap»
(1981)


«Prince Charming» er ein song av Adam and the Ants som gjekk til topps på UK Singles Chart for fire veker i september 1981.[2] Han var skriven av Adam Ant og Marco Pirroni, og kom ut på albumet med same namn. Songen vart den andre førsteplassen til Adam and the Ants på rad[3] og var den femte største hitten det året.[4]

Musikkvideo

endre

Bandmedlemmet og produsenten Merrick (Chris Hughes), normalt på trommer, spelte eit riff på ein akustisk gitar gjennom songen. Sologitaristen Pirroni mima til sin part på både ei harpe og ei miniatyrharpe i videoen. Musikkvideoen var kjend for den ekstravagante produksjonen samanlikna med andre videoar produserte på denne tida.

Videoen består av Adam Ant i ein mannleg Askepott-rolle.

«War Canoe»

endre

27. mars 2010 hevda Rolf HarrisBBC Radio 5 Live-programmet Danny Baker Show at dei hadde kome til semje om å betale han ein større sum honorar etter at ein musikkforskar viste at «Prince Charming» var musikalsk identisk til Harris-songen «War Canoe» frå 1965.[5]

Kjelder

endre
  1. Buskin, Richard (January 2013). «Adam & The Ants 'Stand & Deliver'». Sound on Sound. 
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 398–9. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 216–217. ISBN 0-85112-250-7. 
  4. «Top 100 1981». UK-charts.top-source.info. 1981. 
  5. «Prince Charming». Songfacts.