Stand and Deliver av Adam and the Ants
Stand and Deliver Singel av Adam and the Ants frå albumet Prince Charming | ||
B-side |
Beat My Guest | |
---|---|---|
Utgjeve | 27. april 1981 | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:34 | |
Selskap | CBS Records | |
Låtskrivar(ar) | Adam Ant, Marco Pirroni | |
Produsent | Chris Hughes | |
Adam and the Ants-kronologi | ||
«Antmusic» (1980) |
Stand and Deliver | «Prince Charming» (1981)
|
«Stand and Deliver» er ein song av det britiske new wave-bandet Adam and the Ants, gjeven ut som den første singelen frå det tredje albumet deira, Prince Charming (1981). Han var den første førsteplassen til bandet i Storbritannia og låg fem veker på toppen av lista.[1] Han blei den tredje best selde singelen i landet i 1981.[2] Frasen «stand and deliver — your money or your life», som er nytta i teksten er ofte assosiert med landevegsrøvarar på 1700-talet i England.
På den amerikanske dance-lista nådde «Stand and Deliver» 38. plassen.[3]
Musikkvideo
endreKostymet og det generelle plottet i videoen syner ein sterk inspirasjon frå Monty Python-sketsjen «Dennis Moore» frå 1973, sjølv om landevegsscenariet òg nyleg hadde vore grunnlaget for den britiske TV-serien Dick Turpin med Richard O'Sullivan i hovudrolla. Videoen syner Adam Ant kledd som ein «dandy highwayman» som trugar offera sine med eit spegelbilete av dei sjølv i lite moteriktige klede. Han vert fanga men klarar å unngå å bli hengd etter å ha fått hjelp av venen sine (bandkollegaene).
Andre utgåver
endre«Stand and Deliver» er blitt spelt av Poppy og av indieband (Society Burning, Lynyrd's Innards[4]). Sugar Ray gav ut den første kjende coverversjonen i 1997 på albumet Floored.
I 2015 vart songen stemt fram som den 15. beste førsteplassen frå 1980-åra i ei undersøking på ITV.[5]
No Doubt-versjonen
endreStand and Deliver av No Doubt frå albumet Push and Shove | ||
Utgjeve | 2009 | |
Innspelt | 2009 | |
Sjanger | Glampunk, punkrock, new wave | |
Lengd | 3:22 | |
Selskap | Interscope | |
Låtskrivar(ar) | Adam Ant, Marco Pirroni | |
---|---|---|
Produsent | No Doubt |
I 2009 spelte det amerikanske rockebandet No Doubt inn ein versjon av «Stand and Deliver».[6] Dei framførte songen som det oppdikta 80-talsbandet Snowed Out i ein episode av dramaserien Gossip Girl i 2009. Han vart etter kvart gjeven ut som bonusspor på luksusutgåva av det sjette studioalbumet deira, Push and Shove, som kom 21. september 2012.[7]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Stand and Deliver (Adam and the Ants song)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 393–4. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ «The Official Top 50 best-selling songs of 1981». Official Charts. 5. mars 2021.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Hot Dance/Disco: 1974-2003. Record Research. s. 22.
- ↑ «Stand & Deliver» by Lynyrd's Innards, What Else Records
- ↑ Westbrook, Caroline (25. juli 2015). «The Nation's Favourite 80s Number One: 12 more classic 80s chart-toppers which didn't make the cut». Metro. Henta 27. juli 2015.
- ↑ Daniel Kreps (8. april 2009). «No Doubt Go New Wave With «Stand And Deliver» Cover». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 15. november 2017. Henta 6. mai 2022.
- ↑ «Target and No Doubt Team Up for Exclusive Deluxe Edition of «Push And Shove»». Target.com. 30. august 2012.