Prince Charming
Studioalbum av Adam and the Ants
Utgjeve 2. november 1981
Studio Air Studios i London i England
Sjanger New wave
Lengd 37:21
Selskap CBS
Produsent Chris Hughes
Adam and the Ants-kronologi 
Kings of the Wild Frontier
(1980)
Prince Charming Friend or Foe
(1982)


Singlar frå Prince Charming
  1. «Stand and Deliver»
    Utgjeve: April 1981
  2. «Prince Charming»
    Utgjeve: September 1981
  3. «Ant Rap»
    Utgjeve: Desember 1981

Prince Charming er det tredje studioalbumet til Adam and the Ants, og det siste oppført under dette namnet. Framtidige album vart berre tilskrivne Adam Ant. Albumet kom ut i november 1981. Dette albumet vart spelt inn med bassisten Gary Tibbs i staden for Kevin Mooney, som hadde spelt bass på Kings of the Wild Frontier. Albumet inneheld dei to listetoppane til bandet i Storbritannia, «Stand and Deliver» og «Prince Charming», i tillegg til «Ant Rap».

Albumet nådde andreplassen på den britiske albumlista og fekk middels mottaking frå kritikarane.

Songen «Five Guns West» vart nytta i Roger Corman-filmen Five Guns West.

Utgjeving

endre

Prince Charming kom ut i november 1981 på CBS Records. Albumet inneheld to singlar som begge gjekk til topps på den britiske singellista, «Stand and Deliver» (med ein annan slutt enn singelversjonen) og «Prince Charming», som nådde toppen av lista i høvesvis april og september 1981. Singelen «Ant Rap» nådde tredjeplassen på lista i januar 1982, då han vart remiksa.

Albumet vart ommastra og gjeve ut på ny i 2004 med seks bonusspor.

Mottaking

endre
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [1]
Rolling Stone     [2]
Smash Hits          [3]
Trouser Pressunfavourable[4]

Ian Birch skreiv i Smash Hits i november 1981 om albumet og gav det fem av ti. Han sa «Borte er dei sterke melodiane som gjorde Kings of the Wild Frontier så avhengigheitsskapande. I staden er her utførlege detaljar (introane er høgdepunkta her)...Overflata kan sjå glatt ut, men det er ikkje ei erstatning for gode songar.»[3] I ei seinare melding skreiv Stephen Thomas Erlewine i AllMusic at «songane er berre ikkje der», og at «det har ein stil og lyd, som når ein ser attende på det, ikkje er så galen»,[1] medan Rolling Stone kalla det «nøyaktig det same albumet som Kings of the Wild Frontier, om ein ser bort frå at omslaget er blått.»[2] Trouser Press kalla det «skuffande» og at «mykje av plata verkar tvungen, grettent og dumt.»[4]

Påstått plagiat

endre

Songen «Prince Charming» har ein sterk musikalsk likskap til Rolf Harris-songen «War Canoe» frå 1965 og i mars 2010 hevda Harris på BBC Radio 5 Live-programmet Danny Baker Show at dei hadde kome til semje utanfor retten om ein større sum honorar etter at ein musikkforskar kom fram til at dei to songane var musikalsk identiske.[5] «Prince Charming»-produsenten Chris Hughes har sagt at Harris trekte attende søksmålet «med litt knising» då Adam Ant peikte på at begge songane låner kraftig frå ei gammal Maori-innspeling av ein 'War Canoe'-aktig song.[6]

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av Adam Ant og Marco Pirroni.

Side A
Nr.TittelLengd
1.«Scorpios»2:46
2.«Picasso Visita el Planeta de los Simios»3:28
3.«Prince Charming»3:18
4.«Five Guns West»5:02
5.«That Voodoo!»4:18
Side B
Nr.TittelLengd
1.«Stand and Deliver»3:35
2.«Mile High Club»2:42
3.«Ant Rap»3:26
4.«Mowhok»3:28
5.«S.E.X.»3:50
6.«The Lost Hawaiians» (ikkje oppført spor - ein instrumental nyinnspeling av «Los Rancheros» frå Kings of the Wild Frontier)1:05
Bonusspor på 2004-utgåva
Nr.TittelLengd
12.«Prince Charming» (Demo)3:09
13.«Stand and Deliver» (Demo)3:04
14.«Showbiz» (Demo)3:07
15.«Picasso Visits the Planet of the Apes» (Demo)3:21
16.«Who's a Goofy Bunny Then?» (Demo)4:24
17.«Scorpio Writing» (Demo)3:20

Medverkande

endre
Adam and the Ants
Teknisk

Salslister

endre
Liste (1981–82) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[7] 7
Canada Top Albums/CDs (RPM)[8] 45
Nederlandske album (MegaCharts)[9] 5
Tyske album (Offizielle Top 100)[10] 21
Den japanske albumlista (Oricon Albums Chart)[11] 51
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[12] 43
Svenske album (Sverigetopplistan)[13] 29
Britiske album (OCC)[14] 2
US Billboard 200[15] 94
US Cash Box Top 200[16] 85

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Prince Charming – Adam and the Ants | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». AllMusic. Henta 6. mai 2022. 
  2. 2,0 2,1 Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. (2004). The New Rolling Stone Album Guide (Revised utg.). Simon and Schuster. s. 5. Henta 6. mai 2022. «adam and the ants prince charming.» 
  3. 3,0 3,1 Birch, Ian (12. november 1981). «Album Reviews». Smash Hits (EMAP Metro) 3 (23): 25. 
  4. 4,0 4,1 Young, Jon; Lewis, Kate; Rompers, Terry. «TrouserPress.com :: Adam Ant». TrouserPress.com. Henta 6. mai 2022. 
  5. Danny Baker and Rolf Harris discuss Adam Ant's Prince Charming. The Danny Baker Show. Interview with Danny Baker. 27. mars 2010. Arkivert frå originalen 14. desember 2021. Henta 6. april 2015. 
  6. Classic Tracks: Adam & The Ants ‘Stand & Deliver’. Sound on Sound. Interview with Richard Buskin. January 2013. Arkivert frå originalen 1. oktober 2020. Henta 7. mai 2022. 
  7. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  8. "Top RPM Albums: Nummer 0439". RPM. Library and Archives Canada.
  9. "Adam and the Ants – Prince Charming". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  10. "Offiziellecharts.de – Adam and the Ants – Prince Charming" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
  11. Okamoto, Satoshi (2006). Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Oricon. ISBN 978-4-87131-077-2. 
  12. "Adam and the Ants – Prince Charming". Charts.org.nz. Hung Medien.
  13. "Adam and the Ants – Prince Charming". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  14. "Adam & the Ants | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  15. "Adam Ant Album & Song Chart History" Billboard 200 for Adam Ant. Prometheus Global Media.
  16. «Cash Box Top 100 Albums» (PDF). Cash Box: 34. 23. januar 1982. Henta 9. mars 2022.