Sonja Agnes Weyergang Hagemann (6. september 189817. oktober 1983) var ein norsk litteraturhistorikar og litteraturkritikar frå Oslo.

Sonja Hagemann
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. september 1898
Oslo
Død

17. oktober 1983 (85 år)

Yrke litteraturhistorikar, litteraturkritikar
Politisk parti Venstre

Sonja Weyergang voks opp i Kristiania og tok eksamen i statsøkonomi ved Universitetet i Oslo i 1919. Den fyrste arbeidsplassen hennar var koparstikksamlinga ved Nasjonalgalleriet. Seinare jobba ho m.a. som sekretær hjå Statens Prisdirektorat. I 1925 gifte ho seg med lækjaren Otto Hagemann.

Familien busette seg i Rogaland fram til femtitalet, og her jobba Sonja friviljug med folkeopplysning og på bibliotek. I 1946 kontakta ho Dagbladet og spurde om å få vera kritikar av barnebøker, og ho vart den fyrste barnebokkritikaren i avvisa; denne stillinga hadde ho i 25 år til 1971. Ho hadde eit uttrykt mål om å utvikla ein fagleg fundert kritikk av barnebøker som skulle framheva dei litterære kvalitetane deira. Ho interesserte seg for kvalitetslitteratur, og avviste meir "populære" barnebøker. I mange år sat ho både i den rådgjevande komiteen for skuleboksamlingane og i juryen for barnebokprisen til Kyrkje- og kulturdepartementet.

I 1965 gav Hagemann ut det fyrste bindet i trebindsverket Barnelitteratur i Norge. Ho skreiv òg ei avhandling som bygde på dette fyrste bindet, og fekk lisensiatgrad for det i 1967. Det andre bindet kom ut i 1970, og det siste i 1974. Ho er vorten særskilt namngjeten for dette verket, og det la grunnlaget for all undervisning om norsk barnelitteratur i fleire tiår.

Hagemann hadde også ei stor interesse for illustrering av barnebøker. Ho bidrog til mange artiklar om illustratørar i Norsk kunstnerleksikon. Den siste boka ho skreiv, handla om illustrasjonane i norske barnebøker. Ho fekk namnet De tegnet for barna. Norske kunstneres illustrasjoner i bøker for barn, og vart utgjeven posthumt i 1986.

Hagemann mottok Norsk kulturråds ærespris for arbeidet sitt i 1980. Ho døydde i 1983. Sonja Hagemanns barne- og ungdomsbokpris har fått namnet sitt etter henne, og har vorte delt ut sidan 1990.


  • Hvorfor leser vi? – sakprosa (1947)
  • Henrik Wergelands hustru, Amalie Sofie Bekkevold - sakprosa (1960)
  • Jørgen Moe, barnas dikter – sakprosa (1963)
  • Hjertets geni. Henrik Wergelands diktning for barn – sakprosa (1964)
  • Barnelitteratur i Norge inntil 1850 – avhandling (1965)
  • Mummitrollbøkene. En litterær karakteristikk – sakprosa (1967)
  • Jeg er så glad hver julekveld. En bok om Marie Wexelsen, salmedikter og opprører – sakprosa (1968)
  • Elling Holst. Norske barnerims plass i den fellesnordiske tradisjon – sakprosa (1969)
  • Barnelitteratur i Norge 1850-1914 – sakprosa (1970)
  • Barnelitteratur i Norge 1914-1970 – sakprosa (1974)
  • Henrik Wergelands mor, Alette Dorothea Thaulow – sakprosa (1976)
  • Klassisk barnelitteratur. Før oss - 1 og 2, veiledning for lærere – lærebok (1977)
  • De tegnet for barna. Norske kunstneres illustrasjoner i bøker for barn – sakprosa (1986) (posthumt utgjeven)


Kjelder

endre