Opna hovudmenyen

Sophia av Hannover (14. oktober 16308. juni 1714), var fødd i Haag som dotter av Friedrich V av Pfalz, «vinterkongen» av Bøhmen, av huset Wittelsbach, og Elisabeth Stuart. Ho var gift med kurfyrst Ernst August av Hannover, og vart kjend som den «store kurfyrstinna». Jakob VI av Skottland/Jakob I av England og Irland var morfar hennar og gjennom det hadde ho krav på den britiske trona, og som følgje av den britiske Act of Settlement, som utelukka katolikkar, vart ho den første i arverekkja. Dersom ho ikkje hadde døydd nokre veker før Anne av Storbritannia, hadde ho blitt britisk dronning. Sjølv om ho var eldre enn Anne, hadde ho betre helse og ein hadde rekna med at ho kom til å bli den neste dronninga i Storbritannia. I staden kom sonen hennar, Georg Ludwig, og dermed huset Hannover på trona i Storbritannia. Alle personar i arverekkja til den britiske trona nedstammar derfor frå Sophia av Hannover og alle krav på trona skal gå attende til henne.

Sophia av Hannover
Sophie von der Pfalz von Peter Lely.jpg
Fødd14. oktober 1630
Haag
Død8. juni 1714
Hannover
TittelElectress
Alle titlarprins, hertuginne, prinsesse
Hus eller slektHuset Wittelsbach
GravstadWelfenmausoleet
LandTyskland
MorElisabeth av Bøhmen
FarFriedrich V.
EktefelleErnst August av Braunschweig-Lüneburg
BarnGeorg I av Storbritannia, Maximilian Wilhelm av Braunschweig og Lüneburg, Sophie Charlotte av Hannover, Ernst August II. av Hannover

Dottera Sophie Charlotte vart gift med Fredrik I av Preussen.

Sophia var ein venn og beundrar av filosofen Gottfried Leibniz som var knytt til hoffet i Braunschweig frå 1676 til sin død i 1716. Venskapen resulterte i ein omfattande korrespondanse. Sophia sette i gang omfattande arbeid med slottshagen i Herrenhausen, og døydde i denne hagen under ein kveldstur.

KjelderEndra

LitteraturEndra

  • Klopp, Onno, red., 1973 (1873). Correspondenz von Leibniz mit der Prinzessin Sophie. Hildesheim: Georg Olms.