Georg I av Storbritannia

Georg Ludwig, engelsk George Louis (28. mai 166011. juni 1727) var den første britiske kongen frå fyrstehuset Hannover. Frå 1698 var han hertug av Braunschweig-Lüneburg (Hannover), og dermed kurfyrste av det tysk-romerske riket, og frå 1714 konge av kongeriket Storbritannia og kongeriket Irland.

Georg I

Konge av Storbritannia
Fødd28. mai 1660 i Hannover
FødestadHannover
Død11. juni 1727 i Osnabrück
DødsstadOsnabrück
MorSophia av Hannover
FarErnst August av Braunschweig-Lüneburg
EktefelleSophie Dorothea av Braunschweig-Lüneburg
SambuarMelusine von der Schulenburg, Duchess of Kendal
BarnGeorg August
Sophie Dorothea
MedlemRoyal Society
FøregangarAnne av Storbritannia
EtterfølgjarGeorg August

Tysk konge i Storbritannia endre

Då den britiske dronning Anne døydde i 1714 vart det teke ei avgjerd om at den næraste protestantiske arvingen skulle arva trona. Tanken var få hindra ein ny katolsk konge på den britiske trona. Dermed arva Georg Ludwig den britiske trona, og vart konge av Storbritannia som Georg I. Han lærte seg trass i dette aldri å tala flytande engelsk språk. Av den grunn vart han låtteleggjort av nokre av sine britiske undersåttar. Det vart berre snakka tysk ved hoffet under regjeringstida hans.

Gerog var den fyrste britiske monarken frå fyrstehuset Hannover, som regjerte Storbritannia fram til dronning Victoria døydde i 1901. Det innebar òg at Hannover og Storbritannia kom i personalunion, og tette band vart knytte mellom dei to landa. I løpet av regjeringstida hans vart det britiske monarkiet gradvis svekt og bytt ut med eit meir demokratisk styre med meir makt til parlamentet. Dei siste åra før Georg Ludwig døydde vart Storbritannia eigenleg styrt av de facto-statsministeren Sir Robert Walpole.

Liv endre

Georg Ludwig vart fødd i 1660 som eldste son av kurfyrst Ernst August av Hannover og Sophie av Pfalz. Mora var dotter av Friedrich V av Pfalz og dronning Elisabeth av Bøhmen, som igjen var dotter av Jakob I av England.

Han gifte seg 21. november 1682 med Sophie Dorothea av Braunschweig-Lüneburg, og fekk sonen Georg August, seinare kong Georg II av Storbritannia, og Sophie Dorothea, seinare gift med kongen av Preussen.

Omdøme endre

Georg I var svært dårleg likt i det adopterte heimlandet sitt, særleg fordi han ikkje snakka engelsk (sjølv om han skal ha lært det etter som åra gjekk). Folket meinte òg at han behandla kona si dårleg ved å ha ei rekkje tyske elskarinner. Likevel likte dei betre ein slik konge, som trass alt var protestant, enn å ha ein katolsk regent.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Georg I av Storbritannia
  Denne historieartikkelen som har med Storbritannia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.