Ernst August av Braunschweig-Lüneburg
Ernst August (20. november 1629–23. januar 1698) var hertug av Braunschweig-Lüneburg og regjerte over fyrstedømet Calenberg (med hovudstad i Hannover). Han vart utpeikt som kurfyrste, men døydde før dette kom i stand. Han var ?og administrator for fyrstbiskopen av Osnabrück.
Ernst August | |||
Ernst August, hertugen av Braunschweig-Lüneburg | |||
Hertug av Braunschweig-Lüneburg Kurfyrste av Braunschweig-Lüneburg | |||
Regjeringstid | 1679–1698 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 20 November 1629 | ||
Fødestad | Herzberg am Harz | ||
Død | 23. januar 1698 | ||
Dødsstad | Herrenhausen | ||
Gravstad | Welfenmausoleet | ||
Føregangar | John Fredrik av Braunschweig-Lüneburg | ||
Etterfølgjar | Georg Ludwig | ||
Gift med | Sofia av Pfalz | ||
Dynasti | Fyrstehuset Hannover | ||
Far | Georg av Braunschweig-Lüneburg | ||
Mor | Anne Eleonore av Hessen-Darmstadt | ||
Born | Georg I av Storbritannia Friedrich Augustus Maximilian Wilhelm Sofia Charlotte, dronning i Preussen Karl Philipp Christian Heinrich Ernst August, hertugen av York |
Biografi
endreErnst August vart fødd i Herzberg am Harz, som son av Georg av Braunschweig-Lüneburg og Anne Eleonore av Hessen-Darmstadt (Ernst August stamma frå Albertin-linja til Huset Habsburg og Huset Hohenzollern). I 1658 gifta han seg med Sofia av Pfalz i Heidelberg. Som den fjerde sonen hadde han liten sjanse til å ta over etter faren som herskar, så i 1662 vart han utpeikt som administrator av Osnabrück. I følgje freden i Westfalen skulle kvar nestleiande av Osnabrück utpeikast til hertugar av Braunschweig-Lüneburg. Etter at to av dei eldre brørne hans døydde utan søner, arva Ernst August delar av faren sine område i 1679, nemleg Calenberg (inkludert Göttingen).
I 1683, etter protestar frå dei fem yngre sønene hans, innførte Ernst August førstefødselsrett, slik at området hans ikkje vart vidare delt etter han døydde. Dette var òg eit førebuande vilkår for å få stillinga som kurfyrste. Han deltok i den store tyrkiske krigen på Leopold I av Det tysk-romerske riket si side. I 1692 vart han utpeikt til kurfyrste av keisaren, me kurfyrsteskapet tredde ikkje i kraft før i 1708. Ernst August døydde i 1698 i Herrenhausen. Han vart etterfølgd som hertug av den eldste sonen sin, Georg I Ludvig, som seinare vart konge av Storbritannia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ernest Augustus, Elector of Brunswick-Lüneburg» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2012.