Sophus Theodor Pihl (fødd 23. mars 1840Sjælland død 17. april 1888 i Bergen, daud 17. april 1888 i Bergen) var dansk snikkarsvein og agitator. Han vart ein av pionérane i norsk arbeidarrørsle, og var saman med Carl Jeppesen den som var mest aktiv arbeidet for å spreia sosialismen i Noreg.

Sophus Pihl
Sophus Pihl.jpg
Nasjonalitet Dansk
Fødd 23. mars 1840
Nykøbing Sjælland
Død

17. april 1888 (48 år)
Bergen

Yrke snikkar
Sophus Pihl på Commons

Pihl forlét Danmark etter mellom anna å ha vorte dømd til fengsel i åtte månader (og sona elleve) fordi han freista å organisera sosialistar. Han hadde budd sju år i eksil i Sør-Afrika før han kom til Bergen i 1885. I juni same året starta han den første sosialdemokratiske avisa i Bergen, Arbeidervennen, og deretter Den demokratiske Arbeiderforening. Pihl vert rekna som grunnleggjaren av den sosialdemokratiske avisa, arbeidarrørsla og av bustadssamvirket i Bergen.

Det er reist ein bauta over han på Møllendal gravplass, og ei av gatene i byen har fått namn etter han.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra