Sopron
Sopron | ||
---|---|---|
Hovudplassen i Sopron. | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land Region Megye |
![]() Vest-Transdanubia Győr-Moson-Sopron | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
169,06 km² | |
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
56 394 333/km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 9400 | |
Telefon-retningsnummer | 99 | |
Heimeside: www.sopron.hu |
Sopron (tysk Ödenburg, kroatisk Šopron, Šapron, Šopruonj) er ein by i Ungarn nær grensa til Austerrike. Byen ligg i fylket Győr-Moson-Sopron.
Sopron er eit viktig vinområde i Ungarn, og eit av få område i landet som produserer både kvit- og raudvin.
HistorieEndra
Området har vore busett sidan antikken. I romartida var det ein romersk provins i området og der byen i dag ligg låg det ein by kalla Scarbantia. Forumet låg der hovudplassen i Sopron ligg i dag.
Då ungararane kom til området på 800-talet var byen i ruinar, og i løpet av dei neste to hundre åra forsterka ungararane dei gamle romerske bymurane og bygde ei borg. Byen fekk det ungarske namnet sitt etter ein hoffmarskalk i borga kalla Suprun. I 1153 vart byen nemnd som ein viktig by.
I 1273 okkuperte kong Otakar II av Böhmen borga. Sjølv om han tok borna i Sopron som gislar, opna byen portane då hæren til kong Ladislaus IV av Ungarn kom fram. Kongen gav byen ei påskjønning ved å heve statusen til fri keisarby.
Under den osmanske okkupasjonen av Ungarn plyndra osmanarane byen i 1529, men okkuperte han ikkje. Mange folk frå dei okkuperte områda flykta til Sopron og byen vart viktigare.
I 1676 vart Sopron øydelagd av brann. Den moderne byen vart bygd opp att dei neste tiåra med vakre bygningar i barokkstil. Soporon vart òg sete i fylket Sopron.
1900-taletEndra
Etter at Austerrike-Ungarn vart delt vart fire vestlege fylke i Ungarn (Pressburg - Pozsony, Eisenburg - Vas, Ödenburg - Sopron, Wieselburg - Moson) gjeve til Austerrike St. Germain-traktaten (1919) og Trianon-traktaten (1920). Etter lokal uro vart statusen til Sopron avgjort ved ei folkeavstemming i 1921 der 65% stemde for Ungarn. Sidan den gong har Sopron vore kalla Civitas Fidelissima («Den mest lojale byen»). Dei tre andre områda er i dag ein del av Burgenland i Austerrike.
Sopron vart kraftig råka av den andre verdskrigen og nazistane sende og tok livet av nesten alle jødar og nokre venstrevendte arbeidarar i dødsleirane. Byen vart òg bombardert fleire gonger. Den raude arméen frigjorde byen 6. mars 1945.
I sosialistperioden klarte regjeringa delvis å gjere Sopron om til ein industriby, men lèt han framleis vere attraktiv for turistar.
I august 1989 var han åstad for «den heileuropeiske piknikken», ein protestaksjon av høgrevende aktivistar på grensa mellom Austerrike og Ungarn, der 200 innbyggjarar frå Aust-Tyskland kryssa grensa til vesten ulovleg. Dette opna opp for ein masseflukt frå Aust-Tyskland og etter kvart til Berlinmuren sitt fall i november 1989.
BakgrunnsstoffEndra
KjeldeEndra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Sopron frå Engelsk Wikipedia .