Sosialsjåvinisme

Sosialsjåvinisme er ei form for patriotisme, spesielt i krigstid, bruka om dei sosialistar som støttar regjeringa i sitt eige land i krigføringa mot andre land, trass i ulike politiske standpunkt. Uttrykket betyr «sosialisme i ord, sjåvinisme i handling».

Under den første verdskrigen inntok leiinga og fleirtalet i mange sosialistiske parti eit sosialsjåvinistisk standpunkt. Mange sosialistar gav opp sitt eige politiske syn til fordel for «vern om fedrelandet», og vart sosialsjåvinistar, spesielt medlemmer av Det tyske sosialdemokratiske partiet (SPD) og Det franske sosialistpartiet. Etter som krigen varte, blei stadig fleire skeptiske til den meiningslause nedslaktinga. Blant dei som såg støtte til denne krigen som eit svik mot den internasjonalismen og anti-militarismen sosialistar eigentleg burde stå for, var dei som på slutten av og etter verdskrigen danna nye venstresosialistiske og kommunistiske parti. Sosialsjåvinismen under første verdskrigen utløyste såleis kløyvinga i den internasjonale arbeidarrørsla.

Under andre verdskrigen var det mykje mindre strid om såkalla sosialsjåvinisme, fordi skilnaden på dei krigførande partane var så mykje klarare, både mellom samfunnssystema og mellom angripar og forsvararar[treng kjelde].