Sotíris Kyrjákos

gresk fotballspelar

Sotíris Kyrjákos (fødd 23. juli 1979 i Tríkala i Thessalía) er ein gresk fotballspelar med landskampar for Hellas. Han har spela i forsvar for Wolfsburg i tysk Bundesliga. Han var med på å vinna den greske ligaen og cupen med Panathinaikós i 2004 og den skotske ligaen med Rangers i 2005. 21. august 2009 vart det kunngjort at han hadde skrive under ein toårskontrakt for Liverpool, og vart dermed Liverpool sin første greske spelar.

Sotíris Kyrjákos
Personleg informasjon
Fullt namn Σωτήρης Κυργιάκος
Sotíris Kyrjákos
Fødd 23. juli 1979
Fødestad Tríkala
Høgd 193 cm
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Wolfsburg
Nummer 16
Ungdomsklubbar
1996-98 Hellas Panathinaikós
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1998-2004
1999-2001
2005-06
2006-08
2008-09
2009-11
2011-
Hellas Panathinaikós
Hellas Ájos Nikólaos (lån)
Skottland Rangers
Tyskland Eintracht Frankfurt
Hellas AEK
Liverpool
Tyskland Wolfsburg
60 (5)
56 (3)
43 (1)
51 (8)
19 (0)
49 (3)
1 (0)
Landslag
2002- Hellas Hellas 61 (4)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 31. august 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 31. august 2011

Kyrjákos debuterte for det greske A-landslaget 13. februar 2002 i ein kamp mot Sverige. Han skåra det første landslagsmålet sitt mot Noreg 13. februar 2003. Han gjekk glipp av fotball-EM i 2004 grunna ein kneskade, men var med i fotball-EM i 2008.