Spacelab er eit romlaboratorium, utvikla av den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA). Det bestod av modular som vart installert i lasterommet på ei romferje. Spacelab gjorde det mogleg å gjennomføre forsking i eit vektlaust miljø som likna på den i eit romstasjon, medan ein slapp å bruke tid og utgifter til drift og vedlikehald av ein romstasjon i bane rundt jorda, slik som med Skylab.

Første settet (LM1) vart gjeve til NASA gratis, mot at ESA fekk europeiske astronautar med på oppdrag med dei amerikanske romferjene. Det andre settet (LM2) kjøpte NASA sjølv, til eige bruk.

Første Spacelab vart sendt opp i 1983 om bord Columbia under ferda STS-9.

Spacelab sitt modulsystem endre

 
Modulkombinasjonar. Plasseringa i lasterommet skjer for at bevare romferja sitt tyngdepunkt.
 
Instrument Pointing System (IPS) dirigerer eit typisk teleskop montert på ein Spacelab-palle.

Spacelab er eit modulsystem. Trykkmodulane finst som einskilde (4,3 m lange) og doble (7,0 m). I trykkmodulane kan to til fire astronautar arbeide utan romdrakter. Trykkmodulen er forbunde med romferjekabinen via ein tunnel. Forutan trykkmodulane består Spacelab av opp til fem 3 meter lange U-forma pallar med utstyr som skal utsettast for vakuum, stråling mm. eller som ikkje treng menneskeleg manipulasjon under romferda. Pallane er plassert mellom trykkmodulen og halesesjonen til romferja.

  • Ein dobbelt trykkmodul gjev plass til opp mot to pallar.
  • Ein einskild trykkmodul gjev plass til opp mot tre pallar.
  • Ingen trykkmodul gjev plass til opp til fem pallar.
  • Trykkmodulen inneheld kjøleanlegget, straumfordeling og dataoppsamling. Om Spacelab er utan trykkmodul vert det tilkopla ein Igloo, som utfører den funksjonen.

Romferder der Spacelab vart nytta endre

 
Mannskapet på STS-61-A arbeider i eit trykkmodulisert laboratorium.

Bakgrunnsstoff endre