Spania i Junior Eurovision Song Contest

Spania debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København, Danmark, med songen «Desde el cielo», framført på spansk av songeren Sergio. Bidraga vart, i perioden 2003 til 2006, valde gjennom den nasjonale finalen Eurojunior, arrangert av den spanske kringkastaren Televisión Española.

Spania
EuroEspaña.svg
Offisielt Spania

Televisión Española
Uttakingar
Nasjonalt 4
Internt 2
Deltaking
Debutår 2003
Deltakingar 6
Beste resultat
Finalen 1 (2004)
Verste resultat
Finalen 15 (2021)
Poeng
Totalt 954

I 2019 returnerte Spania til Junior Eurovision Song Contest, etter å ha sist deltake i tevlinga i 2006. Bidraga vart valde internt av den spanske kringkastaren. 24. juli 2019 vart Melani García presentert som spansk bidrag, med songen «Marte».[1][2]

Spania er eit av dei mest suksessrike landa i tevlinga. Landet vann tevlinga i 2004, med songen «Antes muerta que sencilla», syngja av songaren María Isabel. Ho fekk den høgaste poengsummen i tevlinga si historie, med 171 poeng. I 2015 vart rekorden slegen, då Malta vann tevlinga. I tillegg har Spania komme på andreplass to gongar, i 2003 og 2005, og to tredjeplassar i 2019 og 2020. Fram til 2020 hadde alle dei spanske bidraga i Junior Eurovision Song Contest hamna blant dei fire beste.

Bidraga i Junior Eurovision Song ContestEndra

År Artist Song Språk Plass Poeng
  2003 Sergio «Desde el cielo» Spansk 2 125
  2004 María Isabel «Antes muerta que sencilla» Spansk 1 171
  2005 Antonio José «Te traigo flores» Spansk 2 146
  2006 Dani Fernandez «Te doy mi voz» Spansk 4 90
  2019 Melani García «Marte» Spansk 3 212
  2020 Soleá «Palante» Spansk 3 133
  2021 Levi Díaz «Reír» Spansk 15 77

RøystehistorikkEndra

Spania har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1   Romania 42
2   Kviterussland 30
  Nederland
4   Danmark 26
  Frankrike
  Ukraina

Spania har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1   Nederland 51
2   Kviterussland 44
3   Nord-Makedonia 42
4   Romania 40
5   Belgia 39

ReferansarEndra

  1. «Spain: Junior Eurovision 2019 Participation Confirmed». Eurovoix.com. Henta 25. juni 2019. 
  2. «Spain picks Melani Garcia for Junior Eurovision 2019». Junioreurovision.tv. Henta 24. juli 2019. 

KjelderEndra