Kviterussland i Junior Eurovision Song Contest

Kviterussland debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København i Danmark, med songen «Tantsuj», framført på kviterussisk av Volha Satsuik. Kviterussland er, saman med Nederland, dei einaste landa som har delteke i alle tevlingane i Junior Eurovision Song Contest. Bidraga vart valde gjennom ei nasjonal finale, arrangert av den kviterussiske kringkastaren Belaruskaja Tele-Radio Campanija.

Kviterussland
EuroBielorrusia.svg
Offisielt Kviterussland

Belaruskaja Tele-Radio Campanija
Uttakingar
Nasjonalt 17
Internt 1
Deltaking
Debutår 2003
Deltakingar 18
Beste resultat
Finalen 1 (2005 og 2007)
Verste resultat
Finalen 14 (2004)
Poeng
Totalt 1 847

Kviterussland har, i likskap med Malta, vunne Junior Eurovision Song Contest to gongar. Fyrste gongen dei vann var i 2005, med songen «My vmeste», framført på russisk av Ksenija Sitnik. To år seinare, i 2007, vann dei med songen «S druzjami», framført på russisk av Aljaksej Zjyhalkovitsj.

Kviterussland har arrangert tevlinga to gongar, begge gongane i Minsk Arena i Minsk. Fyrste gongen var i 2010 og andre gongen var i 2018. Helena Meraai, som deltok i tevlinga i 2017, var ei av tre programleiarar i 2018. 20 land deltok i tevlinga, det høgste antall deltakande land i tevlingas historie.

Bidraga i Junior Eurovision Song ContestEndra

År Artist Song Språk Poeng Plass
  2003 Volha Satsiuk «Tantsuj» Kviterussisk 103 4
  2004 Jahor Voltsjak «Spjavajtse sa mnojo» Kviterussisk 9 14
  2005 Ksenija Sitnik «My vmeste» Russisk 149 1
  2006 Andrej Kunets «Novyj den» Russisk 129 2
  2007 Aljaksej Zjyhalkovitsj «S Druzjami» Russisk 137 1
  2008 Dasja, Alina og Karyna «Serdtse Belarusi» Russisk 86 6
  2009 Juryj Dzemidovitsj «Volsjebnyj krolik» Russisk 48 9
  2010 Daniil Kazlow «Muzyki svet» Russisk 85 5
  2011 Lidija Zablotskaja «Angely Dobra» Russisk 99 3
  2012 Jahor Zjesjko «A more-more» Russisk 56 9
  2013 Ilkja Volkaw «Poj so mnoj» Russisk 108 3
  2014 Nadezjda Misjakova «Sokal» Kviterussisk 71 7
  2015 Ruslan Aslanaw «Volsjebstvo» Russisk og engelsk 105 4
  2016 Aljaksandr Minjonak «Muzyka moikh pobed» Russisk 177 7
  2017 Helena Meraai «Ja Samaja» Russisk 149 5
  2018 Daniel Jastramski «Time» Russisk og engelsk 114 11
  2019 Jelizaveta Misnikava «Pepelnyj» Russisk og engelsk 92 11
  2020 Aryna Pekhtserava «Prisjeltsy» Russisk og engelsk 130 5

RøystgjevingEndra

Kviterussland har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1   Russland 151
2   Armenia 105
3   Ukraina 96
4   Georgia 84
5   Malta 81

Kviterussland har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1   Russland 144
2   Malta 109
3   Ukraina 95
4   Armenia 93
5   Nederland 77

GalleriEndra

VertskapEndra

År Stad Arena Programleiarar
  2010 Minsk Minsk-Arena Leila Ismailava og Denis Kourian
  2018 Minsk Minsk-Arena Jevgenij Parlin, Zinaida Kupryjanovitsj og Helena Meraai

Sjå ògEndra

KjelderEndra