Junior Eurovision Song Contest 2020

Junior Eurovision Song Contest 2020 (JESC 2020) var den 18. gongen Junior Eurovision Song Contest vert arrangert. Tevlinga vart halden i studio 5 i hovudkvarteret til Telewizja Polska (TVP) i Warszawa i Polen, etter at Viki Gabor vann tevlinga i 2019 med songen «Superhero».[1][4][5] Det var fyrste gongen at eit land har vunne tevlinga to år på rad. Dette var òg den fyrste gongen at same land arrangerte Junior Eurovision Song Contest to år på rad. Finalen vart arrangert 29. november 2020.

Junior Eurovision Song Contest 2020
Dato
Finalen 29. november 2020
Vertskap
Stad Hovudkvarteret til TVP
Warszawa, Polen[1]
Programleiar Ida Nowakowska-Herndon[2]
Rafał Brzozowski
Małgorzata Tomaszewska
Deltakarar
Deltakarland 12[3]
Debuterte Tyskland
Trekte seg Albania
Armenia
Australia
Irland
Italia
Nord-Makedonia
Portugal
Wales
Kart
Vinnar
Land Frankrike
Song «J'imagine»
Artist Valentina
Junior Eurovision Song Contest
Junior Eurovision Song Contest 2019 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg Junior Eurovision Song Contest 2021

Ida Nowakowska-Herndon, Rafał Brzozowski og Małgorzata Tomaszewska var programleiarar for Junior Eurovision Song Contest 2020.[2]

Tolv land deltok i årets tevling.[3] Tyskland deltok for fyrste gong i Junior Eurovision Song Contest, medan Albania, Australia, Irland, Italia, Nord-Makedonia, Portugal og Wales valde å ikkje deltake i 2020-utgåva av tevlinga. Mykje av grunnen til at landa valde å ikkje deltake i 2020, var den pågåande koronapandemien. Armenia skulle ha vore det trettande landet som deltek i tevlinga i år, men Armenia måtte trekkje seg frå tevlinga på grunn av den pågåande konflikten i Nagorno-Karabakh.[6]

FormatEndra

Visuelt designEndra

Temaet og slagordet for Junior Eurovision Song Contest 2020, #MoveTheWorld!, vart avduka under eit intervju med vinnaren av Junior Eurovision Song Contest 2019 Viki Gabor under sendinga av Eurovision: Europe Shine a Light 16. mai 2020.[4]

«Det kreative konseptet bak slagordet er at vi som barn feilaktig meiner at alle viktige ting vert gjort av anerkjende menneske: forskarar, astronautar, idrettsutøvarar og skodespelarar. Vi vil bli som dei fordi, i våre auge, så er det dei som beveger verda. Men dette er ikkje tilfellet: kvar dag er det millionar av menneske verda over som utfører sine daglege oppgåver med evne og omsorg. Saman er det dei som virkeleg beveger verda. Med slagordet i år heidrar vi den kollektive krafta som vi held saman.»

Ny sjef for tevlingaEndra

I januar 2020 kunngjorde Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) at svensken Martin Österdahl vil bli den nye «executive supervisor» for Eurovision Song Contest etter 2020-utgaven, og etterfylgjaren til Jon Ola Sand. Før utnemninga hadde Österdahl vore «executive producer» for Eurovision Song Contest i 2013 og 2016, og vore medlem av referansegruppa til Eurovision Song Contest i perioden 2012 til 2018.[7]

FramsyningarEndra

Dette var fyrste gongen sidan den interne førehandskvalifiseringa som vart arrangert for Eurovision Song Contest i 1996 at tevlinga vart halden eksternt, der artistane førehandsinnspelte sine framsyningar i eit fjernsynsstudio i sine heimland. For å gje tevlinga kontinuitet og rettferd, forplikta dei 12 deltakande kringkastarane seg til å gje like vilkår til kvar av deltakarane, ved å bruke same scenedesign og dei same tekniske ressursane. Opningsnummeret, pausenummeret og røystegjevinga vil bli sendt direkte frå Warszawa.[8]

Malta, Polen, Serbia og Ukraina spela inn sine framsyningar i Warszawa. Dei andre deltakarlanda spela inn sine framsyningar i sine respektive heimland.[9]

ProgramleiaraneEndra

7. oktober 2020, annonserte den polske kringkastaren Telewizja Polska (TVP) at Ida Nowakowska-Herndon, Rafał Brzozowski og Małgorzata Tomaszewska skulle vere programleiarar for Junior Eurovision Song Contest 2020.[2] Nowakowska-Herndon er ei polsk-amerikansk dansar, skodespelar og TV-personlegdom, og var ei av tre programleiarar Junior Eurovision Song Contest i 2019. Ho vart dimed den tredje personen som har vore programleiar for Junior Eurovision Song Contest to gongar, og den fyrste til å vere programleiar for tevlinga to år på rad. Brzozowski er ein polsk songar og programleiar. I 2017 deltok han i Krajowe Eliminacje med songen «Sky Over Europe» og enda på andreplass. Same år var han programleiar for den polske utveljinga for Junior Eurovision Song Contest 2017. Tomaszewska er utdanna psykolog, men starta si karriere innan TV som sportsanker. Ho jobbar no som programleiar for The Voice of Poland.[2]

RøystegjevingEndra

Det same røystesystemet som vart introdusert i 2017-utgåva, vart også brukt i 2020, der resultatet vart bestemt av 50% juryrøyster og 50% sjåarrøyster på internett. Internettrøysting gjekk føre seg i to rundar. Fyrste runde med røysting på internett varte frå kl. 20:00 (CET) den 27. november 2020 til kl. 16:59 den 29. november 2020. Andre runde med røysting på internett fann stad under sendinga, og starta etter den siste framsyninga. Røystinga varte då i 15 minuttar. Sjåarar over heile verda kunne røyste på tre av sine favorittbidrag. Sjåarane kunne óg røyste på sitt eige heimland. Dei andre 50% av poenga vart bestemt av juryane frå dei deltakande landa.[10] For fyrste gong sidan 2013, vil poengopplesarane lese opp jurypoenga i frå sine respektive heimland, og ikkje frå arenaen finalen vert halden.[11]

Deltakande landEndra

Følgjande land deltok i Junior Eurovision Song Contest i 2020.

#[12] Land[3] Artist[13] Song Språk Plass Poeng
01   Tyskland Susan «Stronger With You» Tysk og engelsk 12 66
02   Kasakhstan Qaraqat Basjanova «Forever» Kasakhisk og engelsk 2 152
03   Nederland Unity «Best Friends» Nederlandsk og engelsk 4 132
04   Serbia Petar Aničić «Heartbeat» Serbisk og engelsk 11 85
05   Kviterussland Arina Pekhtereva «Prisjeltsy» Russisk og engelsk 5 130
06   Polen Ala Tracz «I'll Be Standing» Polsk og engelsk 9 90
07   Georgia Sandra Gadelia «You Are Not Alone» Georgisk og engelsk 6 111
08   Malta Chanel Monseigneur «Chasing Sunsets» Engelsk 8 100
09   Russland Sofija Feskova «Moj novyj den» Russisk og engelsk 10 88
10   Spania Soleá «Palante» Spansk 3 133
11   Ukraina Oleksandr Balabanov «Vidkryvaj» Ukrainsk og engelsk 7 106
12   Frankrike Valentina «J'imagine» Fransk 1 200

RøystegjevingEndra

Deltakarland Poenggjevande land
Total INR                        
  Tyskland 66 39 5 2 3 2 2 5 2 6
  Kasakhstan 152 69 3 8 10 10 3 12 10 12 4 7 4
  Nederland 132 64 12 7 4 5 8 6 6 2 10 5 3
  Serbia 85 50 3 4 4 5 2 3 1 1 12
  Kviterussland 130 57 7 12 1 12 12 3 7 6 5 6 2
  Polen 90 44 2 6 5 8 2 8 8 4 2 1
  Georgia 111 42 5 10 6 5 1 5 1 7 12 12 5
  Malta 100 49 1 7 1 6 6 10 1 7 4 8
  Russland 88 44 6 4 3 8 4 3 3 3 10
  Spania 133 73 10 2 10 6 7 7 1 4 5 8
  Ukraina 106 54 4 1 2 3 10 7 10 8 7
  Frankrike 200 112 8 8 12 7 12 1 4 12 8 6 10
  • INR: Poeng frå røystinga på internett.

Sjå ògEndra

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 «We're going back to Poland!». Junioreurovision.tv. Henta 5. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Meet the presenters of Junior Eurovision 2020!». eurovision.tv (på engelsk). 7. oktober 2020. Henta 7. oktober 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «13 countries will ‘Move the World’ at Junior Eurovision 2020». Junioreurovision.tv. Henta 8. september 2020. 
  4. 4,0 4,1 «It's time to #MoveTheWorld!». Junioreurovision.tv. Henta 16. mai 2020. 
  5. «Junior Eurovision 2020 To Be Held At the TVP Headquarters». Eurovoix.com. Henta 8. oktober 2020. 
  6. «Armenia withdraws from Junior Eurovision 2020». Junioreurovision.tv. Henta 8. november 2020. 
  7. «Martin Österdahl new Eurovision Song Contest Executive Supervisor». Eurovision.tv. 20. januar 2020. 
  8. «13 countries will ‘Move the World’ at Junior Eurovision 2020». eurovision.tv (på engelsk). 8. september 2020. Henta 8. september 2020. 
  9. «Junior Eurovision 2020 Rehearsal Diaries - Ukraine - Oleksandr Balabanov - Vidkryvai (Open Up)». Eurovoix (på engelsk). 23. november 2020. Henta 23. november 2020. 
  10. Granger, Anthony (16. oktober 2020). «Junior Eurovision’20: Voting To Be Tweaked With Discussions On Going Around Points Presentation». Eurovoix. Arkivert frå originalen 2020-10-16. 
  11. «Junior Eurovision'20: Performances to be Pre-Recorded». Eurovoix (på engelsk). 8. september 2020. Henta 8. september 2020. 
  12. «This is the running order for Junior Eurovision 2020». junioreurovision.tv (på engelsk). 23. november 2020. Henta 23. november 2020. 
  13. «Meet the Participants». eurovision.tv (på engelsk). 18. november 2020. Henta 18. november 2020. 

BakgrunnsstoffEndra