Junior Eurovision Song Contest 2021

Junior Eurovision Song Contest 2021 (JESC 2021) var den 19. gongen Junior Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart arrangert i La Seine Musicale i Paris i Frankrike, etter at Valentina vann tevlinga i 2020 med songen «J'imagine».[2] Dette var fyrste gongen at Frankrike arrangerte Junior Eurovision Song Contest.[3] Finalen vert arrangert 19. desember 2021.[2] Programleiarar for Junior Eurovision Song Contest 2021 er Élodie Gossuin, Olivier Minne og Carla Lazzari[4]

Junior Eurovision Song Contest 2021
Dato
Finalen 19. desember 2021
Vertskap
Stad La Seine Musicale
Paris i Frankrike
Programleiar Élodie Gossuin
Carla Lazzari
Olivier Minne
Kringkastar France Télévisions
Deltakarar
Deltakarland 19[1]
Attende Albania
Armenia
Aserbajdsjan
Bulgaria
Irland
Italia
Nord-Makedonia
Portugal
Ikkje med Kviterussland
Kart
Vinnar
Land Armenia
Song «Kami Kami»
Artist Maléna Fox
Junior Eurovision Song Contest
Junior Eurovision Song Contest 2020 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg Junior Eurovision Song Contest 2022

19 land deltok i tevlinga.[1] Albania, Irland, Italia, Nord-Makedonia og Portugal var alle tilbake til Junior Eurovision Song Contest etter å ha stått over fjorårets tevling på grunn av koronaviruspandemien. Armenia, Aserbajdsjan og Bulgaria returnerte også tilbake i Junior Eurovision Song Contest etter å ha sist deltekne i høvesvis 2019, 2018 og 2016. Kviterussland var for fyrste gong sidan byrjinga av Junior Eurovision Song Contest ikkje med. Årsaka var at den kviterussiske kringkastaren BTRK vart utestengd frå Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) 1. juli 2021.[5][6] Kviterussland kan ikkje deltake i tevlinga før BTRK vert atteropptekne som EBU-medlem, eller dersom ein annan kviterussisk kringkastar vert medlem av unionen.

Vinnaren av tevlinga vart Armenia med songen «Kami Kami», framført av Maléna Fox. Dette var den andre sigeren til Armenia i Junior Eurovision Song Contest, etter å ha vunne i 2010.[7] Polen, Frankrike, Georgia og Aserbajdsjan utgjorde resten av topp fem. Aserbajdsjan fekk si beste plassering i Junior Eurovision Song Contest med sin femteplass.

FormatEndra

Visuell designEndra

Temaet og slagordet for tevlinga, Imagine, vart presentert 20. mai 2021 under ein pressekonferanse i Rotterdam, Nederland i samband med Eurovision Song Contest 2021.[2] Slagordet vart vald som ein referanse til vinnarsongen frå året føre, «J'imagine», i tillegg til å oppmuntre barn til å vere kreative og følgje sine draumar.[8]

ProgramleiararEndra

17. november 2021 vart det offentleggjort at tevlinga skulle leiast av tre programleiarar: den fransk-belgiske skodespelaren og tv-programleiaren Olivier Minne, modell, radio- og tv-programleiar og politikar Élodie Gossuin og artisten Carla Lazzari, som representerte Frankrike i Junior Eurovision Song Contest i 2019.[4]

Deltakande landEndra

#[9] Land[1] Artist[10] Song Språk Plass Poeng
01   Tyskland Pauline «Imagine Us» Tysk og engelsk 17 61
02   Georgia Nikoloz Kajaia «Let's Count the Smiles» Georgisk, engelsk og fransk 4 163
03   Polen Sara Egwu-James «Somebody» Polsk og engelsk 2 218
04   Malta Ike og Kaya «My Home» Engelsk 12 97
05   Italia Elisabetta Lizza «Specchio» Italiensk og engelsk 10 107
06   Bulgaria Denislava og Martin «Voice of Love» Bulgarsk og engelsk 16 77
07   Russland Tatjana Mezjentseva «Mon ami» Russisk, engelsk og fransk 7 124
08   Irland Maiú Levi Lawlor «Saor» Irsk, engelsk og fransk 18 44
09   Armenia Maléna Fox «Kami Kami» Armensk og engelsk 1 224
10   Kasakhstan Älinur Khamzïn og Beknur Zjänibeknuly «Jertegi älemi» Kasakhisk og fransk 8 121
11   Albania Anna Gjebrea «Stand By You» Albansk og engelsk 14 84
12   Ukraina Olena Usenko «Vazjil» Ukrainsk 6 125
13   Frankrike Enzo «Tic Tac» Fransk 3 187
14   Aserbajdsjan Sona Azizova «One of Those Days» Aserbajdsjansk og engelsk 5 151
15   Nederland Ayana «Mata sugu aō ne» Nederlandsk, engelsk og japansk 19 43
16   Spania Levi Díaz «Reír» Spansk 15 77
17   Serbia Jovana og Dunja «Oči deteta» Serbisk 13 86
18   Nord-Makedonia Dajte muzika «Green Forces» Makedonsk og engelsk 9 114
19   Portugal Simão Oliveira «O Rapaz» Portugisisk 11 101

RøystegjevingEndra

Poenggjevande land[11]
Total INR                                      
  Tyskland 61 46 4 4 5 2
  Georgia 163 59 12 7 5 3 12 8 2 6 12 7 5 2 10 8 5
  Polen 218 102 12 4 10 8 6 1 12 1 5 4 10 2 3 10 8 7 5 8
  Malta 97 50 6 8 2 2 2 3 3 8 4 1 4 4
  Italia 107 40 6 5 6 8 8 10 6 1 6 4
  Bulgaria 77 38 3 3 10 5 3 3 5 1 6
  Russland 124 50 5 4 1 3 7 12 7 1 12 3 3 4 12
  Irland 44 39 5
  Armenia 224 109 10 5 12 5 2 6 7 6 6 7 10 7 10 8 2 12
  Kasakhstan 121 57 3 1 7 7 1 1 12 4 4 7 8 6 2 1
  Albania 84 39 4 1 7 6 8 8 1 10
  Ukraina 125 63 7 8 12 10 2 3 6 2 12
  Frankrike 187 67 8 12 6 8 3 10 4 10 7 8 12 7 12 6 7
  Aserbajdsjan 151 42 2 10 10 2 12 7 10 1 10 1 12 8 5 6 3 10
  Nederland 43 34 4 1 3 1
  Spania 77 47 1 3 6 2 5 4 2 4 3
  Serbia 86 62 7 6 2 2 7
  Nord-Makedonia 114 59 2 8 5 5 12 5 5 10 3
  Portugal 101 92 4 4 1
  • INR: Poeng frå røystegjevinga på internett.

Sjå ògEndra

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «19 participants for 19th Junior Eurovision Song Contest». Junioreurovision.tv. Henta 2. september 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «#Imagine: Junior Eurovision set for Paris 🇫🇷». junioreurovision.tv. 20. mai 2021. 
  3. «France to host Junior Eurovision Song Contest 2021». junioreurovision.tv. 9. desember 2020. 
  4. 4,0 4,1 «Bim Bam... Trois! Junior Eurovision hosts revealed 🇫🇷». Junioreurovision.tv. Henta 17. november 2021. 
  5. «Belarus: EBU Suspends BTRC's Membership». Eurovoix (engelsk). 1. juli 2021. Henta 20. august 2021. 
  6. «Belarus: EBU expels BTRC from union - Belarus no longer eligible to compete in Eurovision». wiwibloggs (engelsk). 30. juni 2021. Henta 20. august 2021. 
  7. «Maléna wins Junior Eurovision 2021 for Armenia! 🇦🇲». Junioreurovision.tv. Henta 19. desember 2021. 
  8. Farren, Neil (20. mai 2021). «Paris to Host Junior Eurovision 2021». Eurovoix (på engelsk). Henta 20. mai 2021. 
  9. «Junior Eurovision: Running order revealed… 🇫🇷». Junioreurovision.tv. Henta 13. desember 2021. 
  10. «Paris 2021: Participants». Junioreurovision.tv. Henta 25. november 2021. 
  11. «Paris 2021». Eurovision.tv (engelsk). Henta 19. desember 2021. 

BakgrunnsstoffEndra