Spjelkavik kyrkje
kyrkje i Noreg
Spjelkavik kyrkje er ei sekskanta kyrkje i betong og tegl, frå 1987.[1] Ho står på Moa i Ålesund kommune i Møre og Romsdal fylke, nordvest for Moa-senteret.[2]
Spjelkavik kyrkje | |||
Spjelkavik kirke | |||
Spjelkavik kyrkje
Foto: Jan-Tore Egge | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Møre | ||
Prosti | Nordre Sunnmøre | ||
Sokn | Spjelkavik | ||
Fellesråd | Ålesund | ||
Arkitekt | Alf Apelseth | ||
Innvigd | 1987 | ||
• Byggjeår | 1987 | ||
Tårn | Frittståande | ||
Sitjeplassar | 600 | ||
Spjelkavik kyrkje 62°28′04″N 6°20′52″E / 62.46768°N 6.3478°E | |||
Wikimedia Commons: Spjelkavik kirke |
Kyrkja vart teikna av Alf Apelseth.[1] Den ytre utforminga av kyrkja, som kan minne om eit stort telt, viser til israelsfolket si vandring frå Egypt til det lova landet. I tillegg til kyrkjerommet inneheld kyrkja kyrkjelydssal med kjøkken, undervisingsrom, ungdomssal, speidarrom, aktivitetsrom for klatring, kontor og ekspedisjon. Kyrkja har frittståande klokketårn.[2]
Rundt på dei 6 veggane har biletkunstnaren Håkon Bleken laga i alt 96 glasmåleri som representerer scener frå heile Bibelen.[3]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Spjelkavik kyrkje», kirkesok.no (på norsk), henta 24. september 2021
- ↑ 2,0 2,1 «Spjelkavik kirke», Norske kirker (på norsk bokmål), 28. desember 2016, henta 24. september 2021
- ↑ Skurtveit, Nina (20. januar 2010), «Bleken i Spjelkavik», NRK (på norsk bokmål), henta 24. september 2021