Spolia (latin) er det å bruka opp att byggjesteinar til nye bygningar eller skulpturar. Dette er ein eldgammal og utbreidd praksis der stein som er blitt broten, kutta og brukt i eit byggverk blir frakta bort for å brukast ein annan stad. Praksisen er av spesiell interesse for historikarar, arkeologar og arkitekturhistorikarar sidan gravsteinar, monument og arkitektoniske fragment frå antikken ofte finst innebygd i strukturar laga nokre hundreår eller tusenår seinare. Arkeologen Philip A. Barker gjev døme på ein gravstein frå sein romersk tid (truleg det 1. hundreåret) frå Wroxeter som ein kunne sjå hadde blitt hogd ned og gått gjennom forvitring medan han var i bruk som ein del av ein yttervegg og så, kanskje så seint som 500-talet, gjeninnskriven for å brukast opp att som gravstein.

Ein jonisk kapitel som del av sørveggen ved St. Peter-kyrkja ved Ennea Pyrgoi i Kalyvia Thorikou i Hellas.

Praksisen var vanleg i seinantikken. Ein kjenner til at heile eldre strukturar, inkludert underjordiske fundament, er blitt rivne for å bygga nye bygningar av byggjematerialet. I følgje Baxter går ein ut frå at to kyrkjer i Worcester (ei frå 600-talet og ei frå 900-talet) blei tekne ned slik at heilage Wulstan kunne bruka byggjesteinane deira for å reisa ei domkyrkje i 1084. Soknekyrkjene i Atcham, Wroxeter og Upton Magna er i stor grad bygde av stein henta frå bygningane i romarbyen Viroconium Cornoviorum.[1]

Romerske døme er Janusbogen, dei tidlegare keisarrelieffa som blei brukte opp att på Konstantinbogen, søylegangen til den gamle Peterskyrkja; i bysantinske territorium finn ein døme i den utvendige skulpturen på Panagia Gorgoepikoos-kyrkja i Atens; i mellomalderen blei romerske fliserr brukte opp att i domkyrkja i St Albans, i mykje av mellomalderearkitekturen i Colchester, porfyrsøyler i Palatinarkapellet i Aachen, og søylegangen til basilikaen Santa Maria i Trastevere. Spolia frå den islamske verda inkluderer søylene i hypostilmoskeane i Kairouan, Gaza og Cordoba.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Barker, A. Philip (1977). Techniques of Archaeological Excavation. Routledge. s. 11.