Seinantikken viser til den historiske tidsepoken som dekkjer overgangen mellom antikken og mellomalderen i Europa og andre middelhavsland. Omgrepet blei skapt på byrjinga av 1900-talet av den austerrikske kunsthistorikaren Alois Riegl. Presise avgrensingar for perioden er vanskelege å setja og er blitt mykje diskuterte, men som regel plasserer ein byrjinga frå styret til keisar Diokletian styre ved 284 e.Kr. og fram til dei muslimske erobringane, grovt rekna frå år 300 til år 600. Perioden blir òg tenkt å dekka slutten av krisetida til Romarriket200-talet (ca. 235-284) og fram til omorganiseringa av Austromarriket (eller Det bysantinske riket) under keisar Herakleios (død 641), og samtidig dei muslimske erobringane på 600-talet.

Ein av dei mest kjende bygningane frå seinantikken: Hagia Sofia i det som er dagens Istanbul, påbyrja i år 325. Minaretane blei lagde til etter den muslimske erobringa i 1453.

For Austromarriket går perioden anten fram til døden til keisar Justinian den store i år 565 eller den muslimske ekspansjonen på 600-talet. Denne fasen i austromersk historie blir òg kalla tidlegbysantinsk tid. Gjennom seinantikken gjekk Austromarriket gjennom ein endringsprosess med store tap av landområde, samtidig som den andre seinantikke stormakta Sasanideriket gjekk heilt under i 651.

Seinantikken utgjer det siste avsnittet av antikken. Han høyrer ikkje lenger til den «klassiske» antikken, men kan likevel ikkje heilt reknast til mellomalderen. Seinantikken er kjenneteikna av at tradisjonane til antikken er til stades, samtidig som det finn stad kristen-germansk omdanning og utforming. Medan historikarar tidlegare meinte det var snakk om ein nedgang, omtalar nyare historikarar epoken meir nøytralt som ein «transformasjon» eller endring av den antikke arven i tida mellom rundt 300 og 600. Ei særleg hending er sigersgangen til kristendommen og eit gradvis tap av førkristne kultar og tradisjonar. Også i kunsten og litteraturen oppstår dei ein eigen, karakteristisk stil – som også oppviser orientalsk innverknad – gjennom omforming og utforming av klassiske gresk-romerske former og tema til tilsvarande kristne former og tema.

Kamp mellom hæren til Herakleios og perserne under Khosrau II av Persia. Freskomåleri av Piero della Francesca, ca. 1452.

Senantikken er òg karakterisert ved at Romarriket gjekk gjennom betydelege endringar sosialt, kulturelt og i statsforvaltninga som byrja med styret til keisar Diokletian, der ein byrja prosessen med å dela riket i ein austleg og ein vestleg del, kvar av dei styrt av talrike keisarar. Frå og med keisar Konstantin den store var kristendommen offisiell statsreligion, hovudstaden blei flytta frå Roma og til Konstantinopel, og den sakrale stillinga til keisarane blei sementert. Den same epoken er òg kjend som folkevandringstida, ved at store folkevandringar av germanske stammar forstyrra og reiv sund romersk styre frå slutten av 300-talet og framover. Dette kulminerte med at Romarriket braut saman i vest i år 476, og blei erstatta med germanske kongedømme. Den resulterande kulturelle fusjonen eller samansmeltinga av gresk-romerske, germanske og kristne tradisjonar danna det kulturelle fundamentet for Vest-Europa som kom til prega den vestlege mellomalderen.

Den generelle nedgangen i folketal, tap av teknologisk kunnskap og levestandard i Vest-Europa i løpet av denne perioden blei det arketypiske dømet på samanbrotet i samfunnet i følgje forfattarar frå renessansen og fram til moderne tid. Som eit resultat av denne nedgangen, og den relative knappleiken på historiske oppteikningar frå særleg Vest-Europa, har òg gitt denne overgangtida nemninga «den mørke tidsalderen», eit omgrep som i moderne tid er blitt erstatta med omgrepet seinantikken.

Justinian I, mosaikbilde frå San Vitale i Ravenna. Justinian var austromersk (bysantinsk) keisar og styrte frå 527 til 565. Han blir tradisjonelt rekna som den første store keisarskikkelsen i Bysants og den siste som prøvde å gjenskapa Romarriket.

Historie endre

Diokletian – stabilisering og reform endre

Diokletian blei keisar i 284 gjekk Romarriket inn i den seine fasen sin. Den førre krisetida med soldatkeisarane (235–284/5) hadde destabilisert riket. Det var konstant i fare for krig på fleire frontar. Den bortimot samtidige veksten til det nypersiske Sasanideriket, den store motstandaren til romarane i aust, og danninga av store germanske stammeforbund i Rhinområdet, kompliserte situasjonen dramatisk. Sasanidane var betre organiserte enn Partia, riket som dei avløyste, og slagkrafta til dei germanske stammeforbunda var mykje større enn dei tidlegare mindre stammegrupperingane deira. Samtidig truga gotarar og sarmatar i Balkan-området.

Den romerske forvaltninga var blitt handlingsudyktig, medan delområde som Gallia og Palmyra mellombels reiv seg laus frå riket. Likevel lykkast det keisarane frå og med Aurelian å overkomma krisa som ikkje hadde ramma alle delar av riket like hardt. Diokletian streva etter å stabilisera og samtidig reformera den romerske staten meir. Han innførte fleire tiltak som allereie var blitt utvikla av forgjengarane hans. Den grunnleggande reforma av forvaltninga førte til auka sentralisering og byråkrati. Skattesystemet blei meir restriktivt.[1] Den sivile sektoren blei halden skilt frå den militære, eit prinsipp ein heldt fast på fram til avslutninga av perioden. Riket blei òg inndelt i stift for å sikra ei betre forvaltning.[2] Det blei òg innført ei myntreform, men her var resultata meir beskjedne.

Konstantin den store og gjennombrotet til kristendommen endre

Konstantin den store, son av tetrarken Konstantius I, stod fram i den blodige maktkampen som følgde kort tid etter at Diokletian hadde trekt seg tilbake i 305. I 306, etter at faren døydde, lét han seg utropa av soldatane sine til keisar i York, men blei ikkje akseptert av dei andre tetrarkane. Fyrst kjempa han mot Maxentius, sonen til tetrarken Maximian Herculius, som hadde stått imot ordninga til Diokletian. I samanheng med maktkampen kom slaget ved Ponte Milvio (den milviske brua), og ifølgje soga vedkjente seg Konstantin seg til kristendommen då. Før slaget skal han ha sett eit krossteikn, og vunne under dette teiknet.[3] I slaget vann Konstantin det vestlege riket for seg sjølv.

Etter 324 var Konstantin eineherskar i riket, ettersom han på dette tidspunktet hadde avvist den siste konkurrenten sin Licinius som han i 313 framleis hadde hatt ei forståing med. Konstantin vidareførte deretter reformene til Diokletian. I forvaltninga oppretta han nye hoffembete, omdanna praefectus praetorio (prætorianarprefekt) til det høgaste sivile embetet og innførte fleire skattar. På det militære området gjekk embetet magister militum («meister for soldatane») og til sist ei deling av hæren til ein rørleg hær og ein grensehær tilbake til han. Under Konstantin skjedde òg dei mest vidtgåande skritta ein romersk keisar hadde teke sidan principatet blei grunnlagt av Augustus: Konstantin opphøgde kristendommen, som berre nokre år tidlegare var blitt forfølgd, til ein privilegert religion som var anerkjend av staten.

Eit anna viktig resultat av regjeringstida hans var skipinga av ein ny hovudstad som fekk namn etter han, Konstantinopel, «byen til Konstantin». Han var kjend som det nye Roma, og blei innvigd i 330. På denne måten blei tyngdepunktet i Romarriket flytta mot aust, som var den økonomisk mest innbringande del av riket. Kort tid før eit planlagt felttog mot Sasanideriket døydde Konstantin i nærleiken av Nikomedia. Han lét seg fyrst døypa kort før han døydde, noko som ikkje var uvanleg på denne tida.

 
Julian sitt felttog mot sassanidane.

Etter at keisar Valentinian I hadde klart å sikra riket blei det igjen leidd av to keisarar, men klarte ikkje å stå imot dei ytre truslane. Valentinian I var såleis den siste keisaren som dreiv krigføring over elvane Rhinen og Donau. Han innsette broren sin Valens i aust, og tok seg av forsvaret av grensene sjølv. Samtidig fann det stad større endringar i aust. På 370-talet byrja folkevandringane i Europa. Hunarar, eit stammefolk frå Asia, vandra inn i Austl-Europa. I prosessen fortrengde dei andre folkeslag, mellom anna gotarar, mot vest og over Donau. Desse blei tekne opp i riket, men gjekk seinare til opprør grunna mangel på forsyningar. I 378 påførte dei austkeisar Valens eit tilinkjegjerande nederlag i slaget ved Adrianopel, der også Valens sjølv blei drepen. Dette nederlaget blei allereie av samtida sett på som eit teikn på Roma sin nedgang.

Gratianus, den eldste sonen til Valentinian I som blei keisar i vest etter at far hans døydde av hjerneslag i 375, innsette i 379 Theodosius, som hadde opphav i Hispania, som keisar for den austlege delen. Theodosius overtok då den tunge oppgåva med å i det minste stabilisera den austlege delen av riket. I 382 inngjekk han ein traktat, foedus, med gotarane. Dei kunne bli i riket og tena som soldatar, foederati eller forbundsfellar, men kunne elles vera sjølvstyrte. Denne avtalen jamna jorda for riksdanninga til germanarane innanfor imperiet, men det lykkast å førebels stabilisera situasjonen. Samtidig kunne Theodosius igjen rå over tilstrekkeleg med soldatar.

 
Theodosius den store (379-395) på ein romersk mynt

I vest var situasjonen ein annan. Gratianus, som hadde ført felttog mot alemannarane, blei drepen i Lyon som følgje av ein soldatoppstand i Britannia, som raskt hadde spreidd seg til kontinentet. Theodosius kunne ei tid koma overeins med usurpatoren Magnus Maximus, men gjekk til sist imot han, overvann han i 388 og fekk han avretta. Han gav deretter herredømmet over vesten til den 17-årige Valentinian II, den yngre broren til Gratianus. Den unge keisaren hadde lite å setja opp mot dei faktiske makthavaren i vestriket, frankaren Arbogast som var magister militum eller «hærmeister». 15. mai 392 blei Valentinian funnen hangen i den galliske bustaden sin i Vienne. Arbogast hevda at døden til keisaren var sjølvmord, noko forskarane er delte i synet sitt på.

Etter fleire veker utan vestleg augustus lét Arbogast til sist den heidenske hoffembetsmannen og retoren Eugenius utropast til keisar. Han førte ein relativ tolerant politikk over folk med anna tru enn kristendommen. Theodosius ville ikkje akseptera den nye keisaren, og marsjerte igjen mot vest for å nedkjempa hæren til Eugenius i byrjinga av september 394 i det blodige slaget ved Frigidus. Eugenius blei avretta, medan Arbogast tok livet av seg. Theodosius innskrenka høve til å ha ei anna tru enn kristendommen allereie i 380/381 med ein lov, og ved meir ytterleggåande lover i 391 og i 392 fekk ikkje-kristne eit politisk forbod.

Theodosius sameinte Romarriket endå ein gang for ei kortare tid, før det blei endeleg delt i 395 etter at han døydde, under sønene hans Honorius (395-423) i vest og Arcadius (395-408) i aust. Samtida oppfatta ikkje delinga som endeleg, og lovane til keisaren gjaldt stadig for heile riket. Vestkonsulen blei fram til opphevinga av konsulatet under Justinian I (død 565) òg anerkjend i Austromarriket, og det same gjald dei austlege konsulane i den vestlege delen av riket. Likevel utvikla dei to halvdelane av Romarriket seg etter 395 stadig raskare frå kvarandre.

Frå riksdelinga til erobringa av Roma endre

 
Augustin av Hippo

I aust byrja ein periode med relativ fred som berre blei forstyrra av nokre mindre krigar ved Donaugrensa mot hunarar og germanarar, slik som i 420-422 og 441, og to korte krigar mot sasanidane. Fyrst på andre halvdel av 400-talet måtte Austromarriket igjen forsterka forsvaret mot grensene. Austdelen var stadig den økonomisk sterkaste halvdelen av riket, og kunne framleis reisa store økonomiske middel. Det lykkast òg for det austlege diplomatiet å «omdirigera» fleire angrepsbølgjer mot vesten. Framfor alt kunne innverknaden til ein magister militum, som ofte var av barbar av avstamming, lukkast inn og pressast tilbake. Arcadius (395-408) og sonen hans Theodosius II (408-450) var ikkje spesielt dyktige herskarar, men likevel fungerte forvaltninga i riket. Ein konflikt om Illyria som braut ut med vestriket i byrjinga av Arcadius si regjeringstid kunne etter kvart roast ned.

Den fyrste keisaren i vesten, Honorius, hadde for ei tid tilmed vurdert å gå militært mot Austromarriket, nøda av den mektige magister militum Stilicho. Då riksgrensa ved Rhinen årsskiftet 406/407 endeleg fall, og det kom ein stor straum av vandalar og svebarar, seinare òg burgundarar og alanarar inn over Vestromarriket, blei situasjonen ein annan. I 408 blei Stilicho drepen med kjennskap frå svigersonen til Honorius. Det viste seg enno ein gang at keisarane hadde mistru til eit sterkt militærapparat, og ikkje alltid med urette.

Vesten fall ikkje lengre til ro. Trua av germanarar og hunarar, utsett for statskupp frå militæret og styrt av stort sett udugelege keisarar, mista det vestromerske riket dei viktigaste provinsane sine bit for bit til barbarar. Romersk Britannia gjekk tapt på byrjinga av 400-talet, medan den vestromerske hæren, som var blitt stadig meir prega av barbarar ved at germanske folk i stort tal var blitt rekrutterte, gjekk i røynda i oppløysing etter at Flavius Aëtius døydde i 454. I maktvakuumet som følgde i siste halvdelen av 400-talet blei det oppretta fleire germanske kongedøme av mellom anna vandalar, vestgotarar, frankarar, anglarar og austgotarar.

I 410 blei sjølve Roma, sjølv om det ikkje lenger var hovudstaden i vestriket, plyndra av vestgotarar leia av Alarik. Han hadde tidlegare vore aktiv i Austromarriket, dels på eiga hand, dels i allianse med Stilicho, og han ville nå tilkjempa seg nye område for å kunna busetja folket sitt. Fallet til Roma var eit signal – for heidningane og dei ikkje-kristne var det eit umiskjenneleg teikn frå gudane om at riket var blitt straffa for å ha fråfalle den gamle trua. Augustin av Hippo skreiv med tanke på dette det store verket sitt De Civitate De («Gudsstaten» eller «Guds by») som eit direkte svar.[4]

Stabilisering i aust og samanbrot i vest endre

Den militære katastrofen var absolutt for vesten med samanbrotet av grensa ved Rhinen i 406. Dei viktigaste provinsane i riket gjekk tapt for den vestromerske keisar som sidan Honorius (395-423) hadde sete i Ravenna då dei germanske forbundsfellane, foederati, langsamt oppnådde faktisk og fullt sjølvstende gjennom veikskapen til den romerske sentralregjeringa. I 418 slo vestgotarane seg i 418 ned i Aquitaine, der dei etter 460 oppløyste det formelle avhengnadsforholdet til keisaren. Dei oppretta ein stat i staten som skjedde i forståing med den lokale adelen. Germanarane tredde gradvis inn i staden for den romerske sentralmakta, utan at det fekk synlege konsekvensar for befolkninga i områda.[5] Vestgotarane tok i dei følgjande tiåra over Hispania saman med svebarane, medan frankarane tok Belgisk Gallia i nordlege Gallia.

I 429 gjekk vandalane over til Afrika frå Spania og erobra Kartago i 439. Dei tok då den rikaste romerske provinsen. Keisaren stod igjen med Italia, deler av Gallia og Hispania. Trugsmålet frå hunarane under Attila blei halde tilbake av den romerske generalen Flavius Aëtius, som sidan 430-talet hadde vore den mektigaste skikkelsen i vestriket. I slaget ved Chalons i 451 måtte Aëtius beteiknande nok ha hjelp frå germanske foederati, den vestgotiske kongen Teoderik. Sjølv om hunarane blei slått vart dette slaget òg den siste betydelege militæroperasjonen til Vestromarriket. I 454 lét keisar Valentinian III generalen bli drepen i frykt for innverknaden hans. For dette mordet måtte han sjølv betala med livet sitt: allereie året etter blei han drepen av tilhengarane til generalen.

 
Mynt med bilde av keisar Anthemius

Dei neste vestlege keisarane var for det mest heilt ute av stand til å gjenvinna initiativet i kampen mot barbararane, men Majorian (456-461) eller Anthemius (467-472) gjorde tapre forsøk. Etter at Aëtius var blitt drepen var det general Ricimer som åleine førte riksforhandlingane i vesten fram til 472. Han var òg ansvarleg for drapet på fleire av keisarane. Han fekk nokre små resultat i kampen mot angrepa frå barbarane, men likevel blei Roma plyndra av vandalane i 455. Eit forsøk på samla militær aksjon mot vandalane frå Vestromarriket og Austromarriket slo feil i 468, og etter dette anerkjende austromarane vandalriket.

Med avsetjinga av Romulus Augustulus i 476 ved Odovakar blei det vestromerske keisardømet oppløyst. Den siste legitime keisaren var Julius Nepos, som døydde i 480 i Dalmatia. Vestromarriket hadde endå ikkje vore levedyktig sidan riksdelinga i 395, og særleg ikkje sidan grensa mot Rhinen braut saman i 406. Nordlege Gallia heldt enno fram til 486 som eit gallo-romersk restrike styrt av Aegidius og Syagrius (død 487). Sistnemnde blei omtalt av Gregorius av Tours som Romanorum rex – «kongen av romarane».

 
Justinian I (527–565)

Den austlege delen av riket verna seg med godt resultat mot dei ytre truslane. Keisar Markian som følgde Theodosius II i 450 fjerna tributten til hunarane. Det var fortenesta hans at hunarane angreip Vestromarriket, men dei austlege provinsane var heller ikkje innanfor rekkevidda til hunarane eller germanarane då den sterke festninga Konstantinopel kontrollerte Hellespont (Dardanellane) og hindra overgang frå Europa til Asia. Ved austgrensa blei det halde fred med sasanidane, som sjølv var trua av huniske folk.

Det økonomisk sterkare og tettare folkesette Austromarriket hadde langt betre føresetnader enn Vestromarriket. På 400-talet var dei austlege statsinntektene mange gongar større enn dei vestlege. Keisar Leo II (457-474) avviste til og med den gotiske generalen Aspar med hjelp frå den seinare keisaren Zeno. Mange av dei germanske soldatane i teneste blei slått i hel, og keisarane nytta i aukande grad nasjonale rekruttar. Dette var mest tilfellet i dei områda som var minst dominerte av romarane. Zeno, som sjølv var frå Isauria, ei folkestamme i sørlege Vesleasia, kunne med hjelp frå delvis barbariske folk forbetra den militære situasjonen til Austromarriket. Det var grunnsteinen for den dominerande stillinga som austkeisarane skulle ha i middelhavsområdet i dei følgjande hundreåra.

I 488 gjekk Zeno med på ein avtale med den austgotiske kong Teoderik den store, og sende han i 489 inn i Italia. Bakgrunnen for avtalen er omstridd. Keisaren profitterte likevel på den måten at han sjølv hindra ein potensiell fare, medan Teoderik fekk rå over eit nytt og rikt land for busetjing. Teoderik, som seinare fekk tilnamnet «den store», lykkast snart i å bringa heile landet inn under sin kontroll. I 493 drap han Odoaker og styrte formelt som statthalder for austkeisaren, men førte ein sjølvstendig politikk. I det austgotiske kongedømet heldt ein fast på ein romersk forvaltningspraksis, og landet opplevde kulturelt ei sein blomstringstid, sjå den kristne filosofen Boethius.

Austromersk hegemoni på 500-talet endre

I Austromarriket varte antikken til inn på 600-talet, og innverknaden på skjebnen til vesten var betydeleg. Keisar Anastasios I (491-518) frigjorde kort tid før 500 riket for isauriarane sin innverknad og etterlét på grunn av klok økonomisk politikk den største statskassa i romersk historie til etterfølgjarane sine. Han kjempa med godt resultat mot forsøk på troneovertaking, og framheva forskjellen frå posisjonen til paven i religionspolitikken. Fyrst etterfølgjaren hans Justinus I (518-527) avslutta i 519 det akakianske skismet som utgjorde det fyrste grunnleggjande skiljet mellom kyrkjene (skisma) mellom den austlege og vestlege kristendommen. Det akakianske skismet hadde skilt kyrkjene i Konstantinopel og Roma i 30 år, men ved forsoninga skjerpa keisaren konflikten med monofysittismen.

 
Den seinantikke verda kring 560: Austromarriket på høgda av makta si.

Nevøen til Justinius, Justinian I, var ein av dei fremste herskarane og statsmenne i seinantikken. Etter 534 dreiv han ein stort anlagt restaureringspolitkk. Eit avgrensa, men overraskande resultat av dette forsøket på å retta opp igjen imperiet var at Nord-Afrika, Italia og sørlege Spania igjen kom under romersk herredøme. Likevel gjekk viktige delar av Italia, som var blitt erobra etter harde kampar, igjen tapt til langobardane kort tid etter at Justinian døydde.

Etter 541 blei riket heimsøkt av ei pest, «den seinantikke svartedauden», som openbert førte til ei demografisk og påfølgjande økonomisk som militær krise. I aust måtte Justinian setja inn store ressursar mot persarane som med herskaren Khosrau I fekk ein formidabel motstandar av keisaren. Likevel fekk den seinantikke kulturen under Justinian eit høgdepunkt. Kodifikasjonen av romarretten blei til på hans ordre, og blei eit varig resultat og den keisarlege maktfordelinga blei akseptert av dei fleste germanske kongedøma, kanskje med unntak av frankarkongen Teodebert I. Då Justinian døydde i 565 etter 38 år ved makta var Austromarriket den dominerande makta til middelhavet, uansett alle krisesymptom.

I Austromarriket bestod Imperium Romanum, og den antikke sivilisasjonen levde vidare. Den kulturelle arven i aust gjennomgjekk likevel ei forvandling i dei følgjande hundreåra. Justinian var den siste keisaren som hadde latin som morsmål, og ved ei rekke indre reformer mista riket sakte den seinromerske karakteren sin. Mellom 540 og 630 var Austromarriket i ein stadig meir bitter kamp mot Sasaniderriket som berre var avbroten av kortare fredsperiodar, 562 til 572 og 591 til 602. Etter at Maurikios blei keisar i 582 enda han krigen mot Persia til siger, ekspanderte den austlege grensa betydeleg og fekk dottera si gift med Khosrau II, den persiske kongen. I 602 tok den misnøgde generalen Fokas trona, og fekk Maurikios og dei seks sønene hans avretta. Denne hendinga kom til å bli katastrofal for riket, byrja ein øydeleggande krig mot Persia att, og førte til at begge rika var svekte i kjølvatnet av muslimske angrep.

«Undergangen» til den gamle verda endre

 
Mynt med Heraklios sin solidus med sønene Konstantin III og Heraklonas.

Det militært og økonomisk avkrefta Austromarriket hadde lite å setja inn då arabarane ekspanderte. I 636 tapte det i slaget ved Jarmuk, og mista i dei følgjande åra på nytt dei austlege og sørlege provinsane sine, denne gongen for godt. Til sist fall òg austromerske Kartago i 686 for muslimsk angrep. Resten av riket var i dei følgjande tiåra i ein fortvila forsvarskamp mot muslimane, og keisarane måtte i stor utstrekking støtta seg på vesten. Den korte forlegginga av den keisarlege residensen til Italia under Konstans II blei berre verande ein kort episode. Også det kulturelle livet endra seg. Mange byar gjekk under, medan andre blei forvandla til befesta busetjingar.

Då situasjonen igjen stabiliserte seg på slutten av 700-talet var det seinantikke Austromarriket blitt til mellomalderske, greske Bysants som framleis heldt seg i nokre hundreår. Persarane vart derimot i 636/37 og 642 blitt overvunne av arabarane. Den siste storkongen Yazdegird III blei drepen i 651, og med han slutta Sasanideriket å eksistera.

Seinantikken inn i mellomalderen endre

 
Vestgotarane si vandring etter 375

I løpet av 500-talet gjekk det for seg ein langsam transformasjon til ei germansk-romersk verd i vesten. I Britannia gjekk den romerske kulturen under kort tid etter at romarhæren trekte seg ut på byrjinga av 400-talet, og germanske stammar fylte maktvakuumet romarane etterlét seg med storstilt innvandring og erobring, og oppretta angelsaksiske kongedøme. Berre i Wales blei det framleis skrive på latin på 400-talet.

Riket til vestgotarane rundt byen Tolosa (dagens Toulouse) i sørlege Gallia breidde seg snart inn i Spania. Det er på mange måtar eit døme på ein symbiose av seinromersk samfunn og germansk herredøme. Vestgotarane mista det meste av Gallia til frankarane allereie i 507, og trekte seg tilbake til Den iberiske halvøya med hovudstad i Toledo. Tidleg på 700-talet blei riket deira overfalle og oppløyst då muslimane trengte seg nordover. Riket som vandalane oppretta i Nord-Afrika opplevde ei blomstring på 400-talet, men kom etter kvart under stadig større press frå mauriske stammar og fall i 533 etter angrep frå austromarane under leiing av Belisarius.

I Italia hadde austgotaren Teoderik den store late riket sitt styrast etter romersk mønster, men dette gjekk bort på midten av 500-talet som følgje av keisar Justinian I den store sitt Restauratio imperii, «gjenskaping av imperiet». Då langobardane erobra store delar av Italia i 568 var dette den siste germanske riksskipinga på vestromersk grunn, og markerte òg avsluttinga på dei store folkevandringane. Det vestromerske senatet forsvann ut av kjeldene ved slutten av hundreåret.

Berre ein av dei fyrste germanske riksgrunnleggingane fekk ei viss varigheit, merovingarane sitt Frankarrike. I år 498 skal frankarkongen Klodvig I ha late seg døypa og vidareførte såleis den romerske arven i Gallia.

Dei germanske rika heldt lenge fram med å som regel akseptera romersk overhøgd. Herskarane deira anstrengde seg for å oppnå keisarleg anerkjenning og romerske titlar. Eit symbol på at berre keisaren og storkongen av Sasaniderriket var suverene monarkar var mellom anna privilegiet dei hadde til å prega herskarbildet på gullmyntar. På 500-talet var dette framleis akseptert av dei fleste germanske kongar, som berre sette sitt eige portrett etter romersk mønster på sølvmyntar. Berre merovingarkongen Teodebert I (534-548) lét prega gullmyntar med sitt eige bilde. Alt endra seg då keisarane etter rundt år 600 var blitt så svekka av persarane og angrepet til arabarane til å kunne ha eit aktivt grep i Vest-Europa. Den arabiske invasjonen øydela tilsynelatande eininga i Middelhavet, og kontakten mellom Konstantinopel og Vesten blei tydeleg svekka.

 
Braulio (til venstre) og Isidor av Sevilla (til høgre) i eit illustrert manuskript frå andre halvdel av 900-talet.

Overgangen til det som blir karakterisert som tidleg mellomalder skjedde langsamt. I vest skjedde det parallelt med ein glidande kulturell nedgang, som ein kan samanstilla med tilbakegangen i generell skrivekunne og forfall i byane. Ofte blei skriftleg materiale frå antikken berre redda ved at det blei lagra i klostera, og sjølv klosterbiblioteka konsentrerte seg berre om kristelege tekstar. Det som gjekk tapt overgjekk i stor grad det som vart redda. I mange regionar var det mange rike som forfall i mangelen av skriftlege materiale og tradisjon, slik at omgrepet «dei mørke hundreåra» for tida mellom 560 og 800 ikkje er uberettiga. Samtidig har nyare forsking òg vist at i mange regionar var det ein viss kontinuitet.[6]

Den antikke og klassiske sivilisasjonen var ikkje heilt tapt for mellomalderen. Kyrkja fungerte som formidlar av delar av den antikke danningsarva, om enn filtrert. Augustin av Hippo, Boëthius og Cassiodorus, og ikkje minst den lærde Isidor av Sevilla og Martianus Capella. Det føregjekk ei tydeleg omvurdering av utdanninga som fjerna klassisk paideia, og dette førte til ein tydeleg einsarta kultur i den tidlege mellomalderverda. Einsarten var kva «høgkulturen» til klosterkristendommen fann verdig til overlevering. Likevel er kunnskapstapet stort, sjølv innan kristne emne. Köln har til dømes eit «hol» i lista over biskopar mellom år 400 og 550. Mellomalderen trekte seg ut av «mørket» på same tid. Den frankiske mellomalderen med den merovingiske riksgrunnlegginga og dynastiske konsolideringa på romersk forvaltningsstruktur skjedde allereie tidleg. Romerske byar lengre nord og nordaust hadde ein annan skjebne. Såleis blei Wien, i senantikken kalla for Vindomina eller Vindomana, nemnd sist av Jordanes i gotarhistoria hans, og fyrst i 881 er byen nemnd att, då som Wenia.

Kjelder endre

  1. Se Capitatio-Iugatio-systemet
  2. «Stifter» i den romerske forvaltning : latin: dioecesis – fra gresk: dioikesis, forvaltning, administrasjon.
  3. Sammenlign med den viktige, men omstridte artikkelen til Peter Weiß, «Die Vision Constantins», i: Jochen Bleicken (utg.): Colloquium aus Anlass des 80. Geburtstages von Alfred Heuß, Lassleben, Kallmünz 1993, s. 143–169 – (engelsk: «The vision of Constantine», i: Journal of Roman archaeology 16, 2003, s. 237–259), hvor visjonen føres tilbake til et naturlig astronomisk fenomen.
  4. The Political Aspects of S. Augustin's 'City of God': The 'De Civitate Dei' in Later Days
  5. Se Pohl, Walter (1997): Kingdoms of the Empire: The Integration of Barbarians in Late Antiquity
  6. Staab, F.: Kontinuitätsproblem, -theorie (Antike/MA), i: Lexikon des Mittelalters, Bd. 5, Sp. 1418–1420. – Og mere detaljert: Kontinuitätsprobleme, i: Reallexikon der germanischen Altertumskunde, Bd. 17, S. 205ff.

Litteratur endre

  • Brown, Peter (1989): The World of Late Antiquity: from Marcus Aurelius to Muhammad (AD 150-750), London: Thames and Hudson, ISBN 0-393-95803-5
  • Brown, Peter (1987): «The World of Late Antiquity Ad 150-750» i A History of Private Life: 1. from Pagan Antiquity to Byzantium, Paul Veyne, red., ISBN 0-393-95803-5
  • Brown, Peter (1997): Authority and the Sacred : Aspects of the Christianisation of the Roman World, Routledge, ISBN 0-521-59557-6
  • Brown, Peter (2003): The Rise of Western Christendom: Triumph and Diversity 200-1000 AD, Blackwell, ISBN 0-631-22138-7
  • Harrison, Dick (2001): Krigere og helgener: Vesteuropas historie 400-800 e.Kr. oversatt til dansk av Birgitte Brix fra svensk: Krigarnas och helgonens tid. ISBN 87-12-03705-2.
  • Cameron, Averil (1993): The Later Roman Empire: Ad 284-430, Harvard University Press, ISBN 0-674-51194-8
  • Cameron, Averil (1993): The Mediterranean World in Late Antiquity Ad 395-600, Routledge History of the Ancient World, 1993, ISBN 0-415-01421-2
  • Curran, John (2000): Pagan City and Christian Capital: Rome in the Fourth Century, Clarendon Press: Oxford
  • Dinzelbacher, Peter; Heinz, Werner (2007): Europa in der Spätantike. Primus, Darmstadt.
  • Hägg. Tomas (red.) «SO Debate: The World of Late Antiquity revisited», i Symbolae Osloenses (72), 1997.
  • Jones, A.H.M. (1964): The Later Roman Empire, 284-602; a social, economic and administrative survey, bindene I, II, University of Oklahoma Press.
  • Kleiner, Fred: Mamiya, Christin & Tansey, Richard (2001): Gardner's Art Through the Ages, 11. utg., Harcourt Publishers, New York, ss. 292–323.
  • Lancon, Bertrand (2001): Rome in Late Antiquity : AD 313 – 604, Routledge.