Kairouan
Kairouan (arabisk القيروان, også kjend som Kairwan, Kayrawan og al-Qayrawan) er ein by i Tunisia som ligg om lag 160 km sør for hovudstaden Tunis. Byen vert rekna med til dei heilage byane i islam, og er eit mykje besøkt pilegrimsmål for muslimar. Byen vart grunnlagt av arabarar i om lag 670, har i dag om lag 150 000 innbyggjarar, og har vore eit verdsarvområde sidan 1988. Namnet skriv seg frå det arabiske kairuwân (persisk kâravân) og tyder 'leir' eller 'kvilestad' (jf. karavanserai).
Kairouan | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Kairouan | |||
Wikimedia Commons: Kairouan | |||
Byen vart grunnlagd av den arabiske generalen Uqba ibn Nafi som eit ledd i det veksande arabiske riket sitt forsvar mot berbarane. Sjølv om generalen fall i kamp mot berbarane femten år seinare, heldt byen fram med å vekse, og vart etter kvart kjend som «Mekka i Nord-Afrika». På 900-talet vart han hovudstad i Aghlabideriket, og var kjend for makt og rikdom.
På midten av 1000-talet kom Nord-Afrika under fatimidane sin kontroll, og byen vart invadert av beduinar og øydelagd i 1057. Under det osmanske riket vart hovudstaden flytta til Tunis på 1100-talet, men Kairouan har framleis status som heilag by og religiøst senter. Etter at franske styrkar tok kontroll over området i 1881, har det også vore tilgang til byen for ikkje-muslimar.
Byen vert i dag omtala som «byen med 50 moskéar», og mellom heilagdomane i byen kan ein nemne Stormoskéen med søyler av marmor og porfyr, og Moskéen med tre portar frå 800-talet. Byen har også spela ein viktig rolle i jødisk historie i Nord-Afrika, særleg på 800-1100-talet.
Attraksjonane i byen omfattar også den eldste minareten i verda, torget og medinaen. I tillegg er byen kjend for kunsthandverk og teppeproduksjon.
Gatescenene som skulle vere frå Kairo i Indiana Jones-filmen Raiders of the Lost Ark (Jakten på den forsvunne skatten) vart spela inn i Kairouan.
KjelderEndra
- «Kairouan» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 26. januar 2010.
- «Kairouan» hjå Store norske leksikon, innhenta 26. januar 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).
BakgrunnsstoffEndra
- kairouan.org
- Kairouan på tourismtunisia.com
- Kairwan på jewishencyclopedia.com