Ståle Kleiberg
Ståle Kleiberg (fødd 8. mars 1958 i Stavanger) er ein norsk komponist, professor og skribent. Han er filolog frå Universitetet i Oslo, med musikk, allmennlitteratur og nordisk i fagkrinsen; i tillegg har han diplomeksamen i komposisjon frå Norges Musikkhøgskole og komposisjonsstudiar i England. Kleiberg er professor i komposisjon og musikkvitskap ved NTNU i Trondheim. Han har forska på fransk og norsk musikk frå 1900-talet, og på tysk musikk frå andre halvdel av 1700-talet. Han er medredaktør i Norges musikkhistorie. Kleiberg fekk Fartein Valen-stipendet i 1999 og blei vald til årets komponist av Trondheim symfoniorkester for sesongen 2000-2001.
Ståle Kleiberg | |||
| |||
Fødd | 8. mars 1958 (66 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Stavanger kommune | ||
Opphav | Noreg | ||
Verka som | komponist, musikkforskar |
Kleiberg har skrive ei rekkje komposisjonar i ulike genrar. Noko av det første han skreiv var ein syklus med Haugtussa-songar, med utgangspunkt i Garborgs kjende verk. Hans Requiem for the victims of Nazi persecution er framført med suksess i ei rekkje land. Verket blei mellom anna framført i Washington National Cathedral den 11. september 2004, altså på minnedagen for terroråtaka i New York og Washington. Komposisjonen Rosevinduet er dels inspirert av Gabriel Kiellands kunstverk i Nidarosdomen, dels av Stein Mehrens dikt på same tema. Symfonien med tittelen Klokkeskjæret og orkesterverket Lamento: Cissi Klein in memoriam har òg nådd vidt ut.
Nokre komposisjonar
endre- David and Bathsheba (2008), opera
- Dopo, cellokonsert
- Haugtussa-sanger (syklus)
- Klokkeskjæret, symfoni
- Konsert for fiolin og orkester (2005)
- Konsert for kontrabass og orkester (1999)
- Lamento: Cissi Klein in memoriam, for orkester
- Requiem for the victims of Nazi persecution, for 3 solistar, kor og orkester
- Rosevinduet (1992), for kammerorkester og resitatør
- Sonate for fløyte og piano (1987)
- String quartet (1985)
- Two poems by Montale (1986), for fløyte, obo, sopran og piano
- Three Shakespeare sonnets (1982)
- Trio for fiolin, cello og piano (1994)
Kjelder
endre- Ståle Kleiberg – Offisiell nettside
- ballade.no: «Ståle Kleiberg» Arkivert 2008-09-19 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Ståle Kleiberg» frå Wikipedia på bokmål, den 20. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Ståle Kleiberg i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin
- Publikasjonar av Ståle Kleiberg i BIBSYS