St. Lawrence-elva

(Omdirigert frå St. Lawrence River)

Saint Lawrence-elva (engelsk Saint Lawrence River, fransk fleuve Saint-Laurent) er ei stor elv i Nord-Amerika som renn austover frå Dei store sjøane ut i Atlanterhavet. Mohawkane kalla elva for Kaniatarowanenneh (stor vassveg). Grensa mellom Canada og USA går langs ein del av den øvre delen av elveløpet, med staten Ontario på kanadisk side og New YorkUSA-amerikansk side.

St. Lawrence-elva
elv
Land  Canada,  USA
Kart
St. Lawrence-elva
49°40′0″ N 64°30′0″ W
Saint Lawrence-elva og dei store sjøane
Saint Lawrence-elva og dei store sjøane
Saint Lawrence-elva og dei store sjøane
Wikimedia Commons: Saint Lawrence River

Saint Lawrence-elva renn ut frå Ontariosjøen, 75 meter over havet, ved Kingston i Ontario. På vegen mot Atlanterhavet passerer elva byane Brockville, Cornwall, Montreal, Trois-Rivières og Québec før ho renn ut i Saint Lawrence-bukta. Elva er 3 058 km lang og dannar saman med Dei store sjøane-systemet, som ho drenerer, verdas største ferskvassystem. Ho har eitt vassflø på over 10 000 m³/s.

Den fyrste européaren som sigla på Saint Lawrence-elva var franskmannen Jacques Cartier, som såg ho fyrste gongen den 9. juni 1534. Han gjorde kravde på området, Ny-Frankrike, i namnet åt kong Frans I av Frankrike.

Opphavleg var elva seglbar einast fram til Montreal, grunna fossen ved Lachine. Fyrst då Lachinekanalen vart bygt kunne fartøy sigla vidare oppover elva. I dag vert gods frakta til og frå Atlanterhavet på det moderne kanalsystemet Saint Lawrence Seaway.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: St. Lawrence-elva