St Magnus International Festival
St Magnus International Festival er ein årleg, vekeslang festival som blir halden ved midtsommar på Orknøyane utanfor nordkysten av Fastlands-Skottland.
Festivalen blei skipa i 1977 av ei gruppe som omfatta komponisten Peter Maxwell Davies, som nyleg hadde busett seg på Orknøyane, og den orknøyiske diktaren George Mackay Brown.[1] Det kunstnariske programmet består hovudsakleg av musikk i tillegg til dans, drama, litteratur og biletetkunst. Festivalen blir driven av ei lita gruppe tilsette og mange frivillige, som også husar tilreisande artistar. Kunstnarisk leiar er Alasdair Nicolson,[2] som etterfølgde Glenys Hughes i 2010.
Artistar og repertoar
endreArtistar som har vore ved festivalen er mellom anna Vladimir Ashkenazy, Nicola Benedetti, Colin Currie, Evelyn Glennie, John Harle, Angela Hewitt, Steven Isserlis, Paul Lewis, John Lill, Tasmin Little, Joanna MacGregor, Lisa Milne, Steven Osborne og Isaac Stern. Mange orkester og ensemble har vitja festivalen både frå Skottland og England.
Festivaldiktarar har mellom anna vore Carol Ann Duffy, John Gallas, Seamus Heaney, Jackie Kay, Gwyneth Lewis, Liz Lochhead og Andrew Motion. National Theatre of Scotland var også ved festivalen i 2007.
Bestillingsverk
endreSt Magnus-festivalen har bestilt verk frå komponistar som James MacMillan, Judith Weir, Simon Holt, sir Richard Rodney Bennett, Thea Musgrave, Sally Beamish, Edward McGuire, William Sweeney, Gordon McPherson og David Horne. Han har hatt åremierar av verk av sir Peter Maxwell Davies, nokre av dei skrivne i samarbeid med eller inspirert av tekstar av George Mackay Brown.
Det er også bestilt kunst, drama og danseprosjekt til festival, mellom anna ein trio av skodespel av Alan Plater.[3]
Lokal deltaking og tilleggsarrangement
endreUtdannings- og samfunnsprosjekt har inkludert mange innbyggjarar på Orknøyane. St Magnus Festival Chorus inkluderer rundt 130 songarar frå alle delar av øygruppa. Festivalen legg vekt på engasjement i lokalsamfunnet og støtte frå lokale innbyggjarar.
Festival on Tour-prosjektet har vitja dei ytre øyane i Orknøyane for å halda kurs og framsyningar for skular og lokalsamfunn. Frå 2006 har ein halde ein sidefestival kalla MagFest[4] som har omfatta seine framsyningar, sirkus, kabaret, komedie, musikk og barneframsyningar. Ulike kurs som Orkney Conducting Course, St Magnus Composers' Course, eit Writers' Course og frå 2012 eit Singers' Course blir også drivne parallelt med festivalen.
Kjelder
endre- ↑ «About Us :: Magnus Festival», www.stmagnusfestival.com, henta 15. juni 2022
- ↑ «Who We Are :: Magnus Festival», www.stmagnusfestival.com, henta 15. juni 2022
- ↑ Alfred Hickling talks to Alan Plater and Peter Maxwell Davies about Tales from the Golden Slipper | Stage | The Guardian
- ↑ Magfest 2010, Orkney - YouTube
- Denne artikkelen bygger på «St Magnus Festival» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juni 2022.