Stangaland

tidlegare kommune i Rogaland fylke i Noreg

Stangaland er ein tidlegare kommune i Rogaland fylke. Opphavleg (frå 1837) var Stangaland del av Avaldsnes formannskapsdistrikt.

Like ved Stangaland gravplass

1. januar 1909 vart Stangaland skild ut som eigen kommune med 1001 innbyggjarar.

1. januar 1965 vart Stangaland slegen saman med Avaldsnes, Kopervik, Skudenes, Skudeneshavn, Torvastad og Åkra kommunar til den nye Karmøy kommune. Stangaland hadde ved samanslåinga 2678 innbyggjarar.