Stangholmen fyrstasjon
Stangholmen fyrstasjon er eit fyr utanfor Risør i Agder.
| |||
Fylke | Agder | ||
---|---|---|---|
Kommune | Risør | ||
Funksjon | Innseglingsfyr | ||
Oppretta | 1855 | ||
Koordinatar | 58°42.5656′N 9°14.6070′E / 58.7094267°N 9.2434500°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 8,5 | ||
Form | Lyktehus på søyle | ||
Byggjemateriale | Betong | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | Okkulterande kvart 6. sek. | ||
Lyshøgd | 9,0 moh. | ||
Lysvidde | 4,1 nm | ||
Status | |||
Automatisert | 1959 | ||
Avfolka | 1959 | ||
Stangholmen fyrstasjon 58°42′34″N 9°14′36″E / 58.7095°N 9.2433°E | |||
Stangholmen fyrstasjon vart sett i drift 27. oktober 1855. Namnet viser at det har stått eit sjømerke på øya i eldre tid, ei stong i steinen med ein arm på toppen som viser rett veg.
Fram til 1959 heldt 8 fyrvaktarfamiliar til på Stangholmen i kortare eller lengre tid. I dag vert det drive restaurant i den gamle fyrbygningen, og det gamle fyret er erstatta av eit lyktehus på søyle føre fyrbygningen.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket.
- stangholmen.no Arkivert 2009-01-02 ved Wayback Machine.