Starless
Song av King Crimson
frå albumet Red
Utgjeve 8. oktober 1974
Innspelt 1974
Sjanger
Lengd 12:16
Selskap Atlantic
Komponist Bill Bruford
Tekstforfattar John Wetton
Låtskrivar(ar) Bill Bruford, David Cross, Robert Fripp, John Wetton, Richard Palmer-James
Produsent King Crimson

«Starless» er ein song av det britiske progrockbandet King Crimson. Det er den siste og lengste sporet på albumet Red som kom ut i 1974, etter at bandet var oppløyst.

Dei originale akkordane og melodien for «Starless» vart skrivne av John Wetton, som hadde planlagt songen som tittelsporet på det førre albumet deira, Starless and Bible Black.[2] Robert Fripp og Bill Bruford likte ikkje først songen og ville ikke ha han med på albumet.[3][4] I staden valde gruppa ein improvisert instrumental som tittelspor. Men «Starless» vart henta fram att, med ein annan tekst og ein lang instrumental del (basert på eit bassriff av Bruford[2]) i tillegg. Han vart framført på konsertar mellom mars og juni 1974. For innspelinga av Red vart teksten endra litt igjen (med bidrag frå Richard Palmer-James). Introtemaet vart opphavleg spelt av David Cross, og så teken over av gitar, der Fripp gjorde nokre mindre endringar i melodien. Sidan tittelen «Starless and Bible Black» alt var brukt, vart den originale tittelen korta ned til «Starless».[2]

Musikalsk innhald endre

Stykket er 12 minuttar og 15 sekundar langt, den lengste på Red. Han byrjar med mellotronstrykarar, elektrisk gitar og saksofon. Desse introduserer vokalsegmentet i eit vanleg vers-refreng-struktur.

Den midtre delen av songen er ein dynamisk oppbygging i 13/4. Han byrjar med bassen til John Wetton, før Bill Bruford kjem inn på treblokker og cymbalar. Han veks gradvis og aukar før heile trommesettet vert nytta. Gitaren til Robert Fripp repeterer enkle tonar som gradvis går oppover i tone, medan bassen vert stadig høgare og meir forvrengd. Trommene til Bruford vert samstundes meir kaotiske og komplekse. Tempoet i heile denne delen er konstant.

Den siste delen av songen byrjar med ein brå overgang til ein rask, jazzaktig saksofonsolo med forvrengde gitarar og bass, trommer og ei dobling av tempoet og ei taktendring til 13/8. Variasjonar av basslinja frå den midtre delen er spelt under dei lagvise og forvrengde gitarpartane til Fripp. Saksofonen kjem inn og spelar vokalmelodien, før den siste delen er repetert. Songen endar med ein reprise av opningsmelodien, spelt på saksofon i staden for gitar.

Sjølv om linja «Starless and Bible Black» er sungen i refrenget og er tittelen på ein instrumental på det førre albumet, Starless and Bible Black, er det ingen tilsynelatande likskapar mellom dei to stykka.

Medverkande endre

med:

Kjelder endre

  1. «The 100 Greatest Prog Songs Of All Time». Prog Magazine. 26. mars 2018. Henta 20. oktober 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Curtiss, Ron; Weiner, Aaron (3. juni 2016). «John Wetton (King Crimson, U.K., Asia): The Complete Boffomundo Interview». YouTube. Henta 3. mars 2019. .
  3. Romano, Will (1. september 2010). Mountains Come Out of the Sky: The Illustrated History of Prog Rock (på engelsk). Backbeat Books. ISBN 9781617133756. 
  4. Bruford, Bill (1. januar 2009). Bill Bruford: The Autobiography : Yes, King Crimson, Earthworks, and More (på engelsk). Jawbone Press. ISBN 9781906002237. 

Bakgrunnsstoff endre