Statens havarikommisjon

Statens havarikommisjon (SHK, vanlegvis kalla Havarikommisjonen) er ein offentleg fast og ubunden kommisjon som skal granske ulukker og alvorlege hendingar innanfor luftfarts-, jarnbane-, veg-, sjøfarts- og forsvarssektoren, og såleis greie ut om tilhøve som kan gjere det mogleg å hindre transportulukker. Kommisjonen skal ikkje take stode til om det ligg føre sivilrettsleg skadebotansvar eller strafferettsleg skuld og ansvar for dei ulukkene som dei granskar;[3] dei strafferettslege vurderingane av ulukker og hendingar er det politiet og påtalemakta som tek seg av.

Statens havarikommisjon

Org.formOrganisasjonsledd
Org.nr.881143712
Skipa1989
MorselskapSamferdsledepartementet
HovudkontorLillestrøm
LandNoreg[1][2]
Nettstadhttps://havarikommisjonen.no/Forside (norsk), https://havarikommisjonen.no/Home (engelsk)

Havarikommisjonen har ein direktør. I tillegg til administrasjonen, er kommisjonen delt inn i fire avdelingar: luftfart, bane, sjøfart, veg- og landforsvar.[4] Kommisjonen held til på Lillestrøm i Skedsmo kommune.

Havarikommisjonen har sitt opphav i ein kommisjon som hadde som oppgåve å granske flyulukker. Før 1989 vart det skipa ei kommisjon for kvar gong det skjedde ei flyulukke, den såkalla Flyhavarikommisjonen, som skulle granske korleis hendinga skjedde, årsakstilhøva og ansvarstilhøva. Vanlegvis vart det valt fagfolk frå Luftfartsverket og Forsvaret, og kommisjonen hadde ingen fast tilhaldsstad. Men 10. juli 1989 vart det skipa ein fast Havarikommisjonen for sivil luftfart (HSL) i samsvar med eit mønster som var etablert av den internasjonale luftfartsorganisasjonen ICAO (International Civil Aviation Organisation, ein særorganisasjon under SN), og kommisjonen fekk faste medarbeidarar med kontor i ein villa i nærleiken av Fornebu flyplass i Bærum kommune. I 1999 vart Havarikommisjonen for sivil luftfart (HSL) etablert som ein eigen etat under Samferdsledepartementet og flytta til mellombels lokale på Kjeller flyplass i nærleiken av Lillestrøm i Skedsmo kommune som fylgje av at Fornebu flyplass vart lagt ned hausten 1998, og i 2001 til nye lokale i Lillestrøm.

Utvidingar

endre

Havarikommisjonen fekk i 2002 utvida mandatet til òg å granske ulukker og alvorlege hendingar i jarnbanesektoren, og namnet vart endra til Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane (HSLB). I 2005 vart mandatet utvida til å femna om ulukker og alvorlege hendingar i vegsektoren, og namnet vart endra til Statens havarikommisjon for transport (SHT). Mandatet vart ytterlegare utvida i 2008 til å gjelde granskingar av ulukker og alvorlege hendingar i sjøfartssektoren, og det vart slutt på den gamle ordninga med sjøforklaringar. Samstundes vart den faste granskingskommisjonen for særskilde ulukker i fiskeflåten lagd ned. Den 1. juli 2020 vart namnet endra frå Statens havarikommisjon for transport (SHT) til Statens havarikommisjon (SHK) etter at dei fekk ansvaret for granskingar i forsvarssektoren.[5][3]

Kjelder

endre
  1. Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 57722, Wikidata Q7061260 
  2. Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 8053, Wikidata Q7061260 
  3. 3,0 3,1 «Nye oppgaver for Havarikommisjonen» (på norsk bokmål). Statens havarikommisjon. Henta 25. november 2023. 
  4. «Organisering» (på norsk bokmål). Statens havarikommisjon. Henta 25. november 2023. 
  5. «Om oss» (på norsk bokmål). Statens havarikommisjon. Henta 25. november 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre