Kjeller flyplass er ein flyplass som ligg på Kjeller i Lillestrøm kommune i Akershus. Flyplassen ligg rett nord for Lillestrøm.

Kjeller flyplass

ICAOENKJ
FlyplasstypeMilitær/Sivil
EigarForsvaret
Operatør Forsvarets Logistikkorganisasjon
TenerOslo Sjå dette på Wikidata
StadSkedsmo kommune, Lillestrøm kommune Sjå dette på Wikidata
Høgd345 ft / 105,2 moh
Koordinatar59°58′10″N 11°2′20″E Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttp://www.kjellerflyplass.no/ Sjå dette på Wikidata
Kjeller flyplass (2015)

Kjeller var Noreg sin første flyplass. Den første flyturen frå Kjeller fann stad 21. september 1912. Einar Sem-Jacobsen var flypionéren på Kjeller.

Flyplassen er eigd og blir drive av Luftforsvaret samtundes som dette er den største basen for småfly i Noreg. På Kjeller finst den største samlinga av flygedyktige veteranfly i Noreg i tillegg til fleire flyklubbar og organisasjonar. Flyplassen blir brukt mellom anna av Oslo Flyveklubb og Nedre Romerike Flyklubb. Av organisasjonar med tilhald på Kjeller er Experimental Aircraft Association, Chapter 573 Norway og Kjeller Flyhistoriske Forening.

Av kommersiell verksemd er flyverkstaden Aeromech og avionikkforhandlar og sørvisinstansen Hovet & Co i tillegg til helikopterselskapet Helikopterdrift.

Kjelder

endre