Statskog SF

(Omdirigert frå Statskog)

Statskog SF er eit statsføretak som forvaltar statlege skog- og fjelleigedommar i Noreg.

Statskog SF
Statskog hovedlogo rgb.png
Direktoratet for statens skogers emblem
Selskapsformstatsføretak Sjå dette på Wikidata
Org.nr.966 056 258
Skipa1860
DotterselskapFjelltjenesten Sjå dette på Wikidata
EigarLandbruks- og matdepartementet Sjå dette på Wikidata
Bransjeskogbruk, eiendomsforvaltning
LandNoreg Sjå dette på Wikidata
HovudkontorNamsos kommune Sjå dette på Wikidata
Tilsette110 Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://www.statskog.no

VerksemdEndra

Statsføretaket har til formål å forvalte, drive og utvikle eigedommane med dei ressursane som høyrer til, og dei utfører tenester som naturleg høyrer til forvaltinga av utmarkseigedommane. Eigedommane skal drivast effektivt med sikte på økonomisk resultat, og dei skal skal drive eit aktivt naturvern med omsyn til friluftsinteressar.

Statsgrunnen i Finnmark vert ikkje forvalta av Statskog, men har sidan 2005 vore forvalte av Finnmarkseigedommen. Kyrkjeeigedommar vert forvalta av Opplysningsvesenets fond.

Statskog SF høyrer under Landbruks- og matdepartementet og er leia av eit styre. Forretningskontoret ligg i Namsos.

RessursgrunnlagEndra

Statskog har heimel til 65 000 km², eller 1/5 av fastlands-Noreg. Statsallmenningane i Midt- og Sør-Noreg omfatter 27 000 km², og vert forvalta i samarbeid med lokale fjellstyre.[treng kjelde]

Om lag 5 % av eigedommen er produktiv skog.

Hoveddelen av dei statlege utmarkseigedommane ligg i Nordland og Troms. I innlandsstroka i desse fylka er staten den største grunneigaren.

BakgrunnsstoffEndra