Statspolitiet, forkorta Stapo, var ein nasjonalsosialistisk politistyrke i Noreg under andre verdskrigen som bestod av norske tenestemenn. Styrken vart oppretta 1. juni 1941 under den tyske okkupasjonen, etter initiativ frå blant andre den seinare sjefen Karl Marthinsen, og var eit væpna politisk politi etter tysk mønster.

SS-leiaren Heinrich HimmlerFornebu flyplass 21. mai 1941, møtt av blant andre Reichskommissar Josef Terboven, føraren til Nasjonal Samling Vidkun Quisling og norsk politi i paradeuniformer. Overgangen frå Utrykkingspolitiet til eit politisk statspoliti skjedde 1. januar 1941.[1]

Kjelder endre

  1. «Om Statspolitiet på arkivportalen.no». Arkivert frå originalen 6. oktober 2015. Henta 5. oktober 2015.