Statsråd Thomas Fasting

norsk sjøoffiser og statsråd

Thomas Fasting (fødd 25. februar 1769 på Lista, død 21. november 1841 i Christiania)[1] var ein norsk sjøoffiser og statsråd. Han var leiar av sjøforsvaret våren 1814, statsråd utan portefølje 13. oktober til 4. november same år, medlem av statsrådavdelinga i Stockholm i sju periodar mellom 1817–1836, og minister for sjøforsvaret i åtte periodar mellom 1815–1839, i tillegg leiar for departementet for hæren i 1828–30 og 1832–33.[1][2]

Thomas Fasting

Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. februar 1769
Lista kommune
Død

21. november 1841 (72 år)
Christiania

Yrke politikar

Før han starta sin politiske løpebane hadde han vore knytt til den danske marinen i 25 år, mellom anna som sjef på orlogsfartøyet «Ærøe» i Dansk Vestindia. Han hadde også vore deltakar under slaget på reden i København i 1801.[1]

Fasting var innehavar av Dannebrogordenen og Sverdordenen.[1]

Statsrådpostar

endre
  • 13. oktober 1814 supplert inn i statsrådet etter at Christian Frederik hadde lagt ned krona; utan portefølje; tredde attende 4. november etter kongevalet[3]
  • Frå 31. mars 1815; sjef for det nyoppretta Marinedepartementet
  • Frå november 1817; ved statsrådavdelinga i Stockholm
  • Frå desember 1818; sjef for Marinedepartementet
  • Frå mai 1820; ved statsrådavdelinga i Stockholm
  • Frå august 1821; sjef for Marinedepartementet
  • 1.–21. mai 1824; også sjef for Revisjonsdepartementet
  • Frå august 1824; ved statsrådavdelinga i Stockholm
  • Frå 16. september 1825; sjef for Marinedepartementet
  • Frå september 1826; ved statsrådavdelinga i Stockholm
  • Frå oktober 1826; sjef for Marinedepartementet
  • Frå desember 1828; også sjef for Armédepartementet
  • Frå januar 1830; ved statsrådavdelinga i Stockholm
  • Frå januar 1831; sjef for Marinedepartementet
  • Frå august 1832; også sjef for Armédepartementet
  • Frå juli 1833; ved statsrådavdelinga i Stockholm
  • Frå september 1834; sjef for Marinedepartementet
  • Frå juni til november 1836; ved statsrådavdelinga i Stockholm
  • Frå desember 1836; sjef for Marinedepartementet
  • Avskjed frå statsrådet 17. oktober 1839

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Roald Berg. «Thomas Fasting». Norsk biografisk leksikon. Henta 5. mars 2017. 
  2. Biografisk informasjon om Statsråd Thomas Fasting NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
  3. Kjelde for statsrådslista er: Debes, Jan (1950). Det norske statsråd: 1814-1949. [Oslo]: Cammermeyer.