Statsrådsaka
Statsrådsaka var ein politisk strid i Noreg som varte frå 1850-talet til 1884 som ende med innføring av parlamentarisme i Stortinget. Venstreorienterte stortingsfolk kjempa for innføringa og dei konservative (Høgre), regjeringa og kongen var imot.
Bakgrunn
endreSaka gjekk ut på om statsrådane skulle ha plikt til å møta i Stortinget. Bakgrunnen var at Stortinget ville ha statsrådar som det kunne samarbeida med, for at regjeringa ikkje skulle føra ein politikk som gjekk mot viljen til Stortinget. Regjeringa og dei konservative leiarane var motstandarar av forslaget ettersom dei meinte det ville bryte med maktfordelingsprinsippet. Tilhengjarane, som var leia av Johan Sverdrup, meinte at regjeringa måtte ta omsyn til folkeviljen. Bjørnstjerne Bjørnson var ein annan støttespelar for endringane.
Vetostrid
endreI 1872 vedtok Stortinget for første gong at statsrådane skulle ha møterett i Stortinget. Ved å ikkje ha denne retten (eller plikta) kunne statsrådane unngå å måtte svare på kritikk. Regjeringa råda kong Carl XV frå å sanksjonera vedtaket. I 1874, 1876 og 1880 vedtok Stortinget det same, men den nye kongen, Oscar II, la ned veto kvar gong. I 1880 vedtok Stortinget å innarbeida møteplikta for statsrådar i Grunnloven. Regjeringa Selmer nekta å kunngjere vedtaket som gjeldande grunnlov.
Etter valet i 1882 hadde Venstre stor nok representasjon i Odelstinget til å stilla regjeringa for riksrett, ein prosess som blei innleia i 1883. Stortingsvalet i 1882 kan reknast som det første partivalet i Noreg, med Venstre (Sverdrup-tilhengjarar) og Høgre (embetsmenn). Sjølv om partia ikkje blei etablerte før i 1884, var omgrepa brukte allereie då.
Riksrett
endreRiksretten dømde regjeringa den 27. februar 1884, og Christian Selmer gjekk av som statsminister 1. mars. Aprilministeriet leia av Christian Schweigaard blei danna 3. april, men gjekk av etter eige ønske. Kongen lukkast ikkje i å utnemne ei ny konservativ regjering, og venstreleiaren Sverdrup blei ny statsminister 26. juni. I tida rundt domsavseiinga hadde det gått rykte om statskupp eller at kongen kunne bruka militærmakt for å hindra endringane. Odelstinget truga med ny riksrettsak om dei militære førebuingane for å leggja press på kongsmakta. 1. juli 1884 sanksjonerte kongen endeleg vedtaket om møteretten for statsrådar.
Seinare mista Venstre tilhengjarar og blei splitta. I 1889 stilte Høgre mistillitsforslag og Sverdrup gjekk av. Høgre tok altså i bruk systemet partiet lenge hadde kjempa imot, og dermed fekk parlamentarismen også eit gjennombrot i praksis.
Bakgrunnsstoff
endre- Frederik Stang ved regjeringen.no
- Johan Sverdrup ved regjeringen.no
- Bjørnstjerne Bjørnson og Midnattskommisjonen ved stortinget.no
Kjelder
endre- Frederik Stang ved regjeringen.no
- Parlamentarismen i utvikling ved stortinget.no
- «statsrådsaken» i Caplex.
«Christian Selmer» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Statsrådssaken» frå Wikipedia på bokmål, den 9. desember 2010.