Stealers Wheel er eit skotsk folkrock/rockeband som vart skipa i Paisley i Renfrewshire i 1972 av dei tidlegare skulevenene Joe Egan og Gerry Rafferty.[1]

Stealers Wheel

Joe Egan og Gerry Rafferty i 1973.
OpphavPaisley, Renfrewshire, Scotland
Aktiv1972–1975, 2008 til i dag
SjangerRock, folkrock, softrock, countryrock
PlateselskapA&M
Tidlegare medlemmerGerry Rafferty
Joe Egan
Ian Campbell
Roger Brown
Rab Noakes
Luther Grosvenor
DeLisle Harper
Andrew Steele
Joe Jammer
Gerry Taylor
Bernie Holland
Dave Wintour

Bandet vart oppløyst i 1975, men vart attforeint utan Egan og Rafferty i 2008.

Biografi endre

Rafferty og Egan møttest først i tenåra i Paisley og dei danna kjernen i Stealers Wheel. Tidleg i 1970-åra vart bandet rekna som ein britisk versjon av det amerikanske folkrockbandet Crosby, Stills, Nash & Young. Dei fekk først med seg Roger Brown, Rab Noakes og Ian Campbell i 1972. Denne besetninga verte berre nokre få månader og då bandet fekk kontrakt med A&M Records seinare same året, hadde Brown, Noakes og Campbell blitt erstatta av Paul Pilnick, Tony Williams og Rod Coombes. Denne besetninga spelte inn debutalbumet Stealers Wheel og vart produsert av dei legendariske amerikanske låtskrivarane og produsentane Leiber & Stoller. Albumet fekk god kritikk og selde godt, og nådde 50. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista. Hitsingelen «Stuck in the Middle with You», kom frå albumet.[1]

 
Stealers Wheel i 1973.

Då det første albumet kom ut hadde Rafferty slutta i bandet og vart erstatta av Luther Grosvenor, som var med bandet det meste av 1973 på turné. DeLisle Harper erstatta òg Tony Williams på turneen. «Stuck in the Middle With You» nådde sjetteplassen på Billboard Hot 100 i USA og åttandeplassen på UK Singles Chart[2] i 1973, og selde over 1 millionar eksemplar verda over. Albumet selde òg godt og på grunn av dette vart Rafferty overtalt til å kome attende til bandet. Grosvenor, Coombes og Pilnick slutta samstundes i bandet. Med så mange byter i besetninga vart dei offisielt no ein duo, med inneleigde musikarar dei trong i på turné og i studio. Seinare i 1973 fekk singelen «Everyone's Agreed That Everything Will Turn Out Fine» moderat suksess og i 1974 nådde singelen «Star» topp 30 i både Storbritannia og USA.[1][2]

Det andre albumet, Ferguslie Park, kom ut i 1974 og duoen vart akkompagnert av ni studiomusikarar.[3] Albumet som var kalla opp etter eit område i Paisley, nådde berre så vidt Billboard 200 i USA og selde dårleg. Med aukande spaning mellom Rafferty og Egan, klarte dei ikkje å bli samde om kva musikarar som skulle spele på det tredjealbumet, og då Leiber & Stoller òg hadde problem, forsvann Stealers Wheel den nesten 18 månadane. Då albumet Right Or Wrong kom ut i 1975 eksisterte ikkje Stealers Wheel lenger.[1] Det siste albumet vart på grunn av usemjer og managerproblem produsert av Mentor Williams. Alle tre albuma hadde plateselskap av John Byrne.

I 1975 var gruppa nesten gått i gløymeboka og dei to siste singlane deira selde dårleg. I 1992 valde Quentin Tarantino å bruke songen «Stuck in the Middle with You» i debutfilmen sin Reservoir Dogs, og dette førte til ny merksemd for bandet.[1] I september 2001 vart ein dance-versjon av «Stuck in the Middle with You» ein hit i Storbritannia for Louise, med ein musikkvideo som var inspirert av filmen Reservoir Dogs.

Dei tre albuma var utilgjengeleg i mange år, men i 2004 og 2005 gav det britiske selskapet Lemon Recordings dei ut med nymastra lyd og nyskriven tekst i CD-heftet.

Etter å ha blitt kontakta av iTunes og K-tel records i California, starta Tony Williams Stealers Wheel på ny i Blackpool i 2008 med to andre originale bandmedlemmar, Rod Coombes og Paul Pilnick, i lag med den lokale musikaren Tony Mitchell. Den 10. november 2008 starta dei å filme ein musikkvideo for ei nyinnspeling av «Stuck in the Middle». Dei byrja og å skrive songar for eit nytt album.[4]

Bandmedlemmar endre

Noverande medlemmar
  • Paul Pilnick: sologitar (1972; 2008 til i dag)
  • Rod Coombes: trommer (1972; 2008 til i dag)
  • Tony Williams: bassgitar (1972; 2008 til i dag)
  • Tony Mitchell: gitar (2008 til i dag)

Tidlegare medlemmar endre

  • Gerry Rafferty: vokal, sologitar (1972–1975)
  • Joe Egan: solovokal, keyboard (1972–1975)
  • Ian Campbell: bassgitar (1972)
  • Roger Brown: vokal (1972)
  • Rab Noakes: gitar, vokal (1972)
  • Luther Grosvenor (Ariel Bender): vokal, gitar (1972–1973)
  • DeLisle Harper: bassgitar (1973)
  • Andrew Steele: trommer (1973–1975)
  • Joe Jammer: gitar (1973–1975)
  • Gerry Taylor: bassgitar (1973–1975)
  • Bernie Holland: gitar (1975)
  • Dave Wintour: bassgitar (1975)

Diskografi endre

Album endre

  • Stealers Wheel (1972) nr. 50 i USA
  • Ferguslie Park (1973) nr. 181 i USA
  • Right or Wrong (1975)
  • The Best of Stealers Wheel (1990)

Singlar endre

År Singel UK[2] US
1973 «Stuck in the Middle With You» 8 6
1973 «Everything Will Turn Out Fine» (in US as «Everyone's Agreed That Everything Will Turn Out Fine") 33 49
1974 «Star» 25 29
1975 «Right or Wrong» - -
1975 «Found My Way To You» - -

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Eder, Bruce. «Stealers Wheel Biography». allmusic. Henta 10. september 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Roberts, David (2006). British Hit Singlar & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 527. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. Eder, Bruce. «Ferguslie Park Stealers Wheel review». allmusic. Henta 10. september 2014. 
  4. Parkinson, Shelagh (10. september 2014). «Blackpool Councillor follows Take That's lead». Blackpool Gazette. Arkivert frå originalen 15. februar 2009. Henta 10. september 2014. 

Bakgrunnsstoff endre