Stefan Banach

polsk matematikar

Stefan Banach (30. mars 189231. august 1945) var ein dugeleg matematiker frå Polen. Han var ein av dei viktigaste personane i den såkalla Lvov-skulen i matematikk i Polen før krigen. Som matematikar var han i stor grad sjølvlærd, og geniet hans vart tilfeldigvis oppdaga av Juliusz Mien og seinare av Hugo Steinhaus.

Stefan Banach

Stefan Banach på eit polsk frimerke.
Fødd30. mars 1892
Kraków
Død31. august 1945 (53 år)
Lviv
NasjonalitetCisleithania, Den andre polske republikken, Den ukrainske sosialistiske sovjetrepublikk, Reichskommissariat Ukraina, Den ukrainske sosialistiske sovjetrepublikk
OmrådeMatematikk
Yrkematematikar, universitetslærar
InstitusjonarLvivs universitet
Alma materLvivs universitet
DoktorgradsrettleiarHugo Steinhaus
Kjend forBanachrom
EktefelleŁucja Braus
MedlemPolska Akademia Umiejętności
Towarzystwo Naukowe we Lwowie
Polish Mathematical Society
Ukrainas nasjonale vitenskapsakademi
Warsaw Scientific Society

2. verdskrigen starta var Banach president i det polske matematiske selskapet og professor ved Universitetet i Lviv. Sidan han var korresponderande medlem av Vitskapsakademiet i Ukraina og på god fot med sovjetiske matematikarar, fekk han halde stillinga si trass i at Sovjetunionen invaderte byen i 1939. Banach overlevde den påfølgjande brutale tyske okkupasjonen frå juli 1941 til februar 1944. Helsa hans vart dårlegare under okkupasjonen, og han utvikla lungekreft. Etter krigen vart Lviv innlema i Sovjetunionen, og Banach døydde der. Han er gravlagt ved Lychakivskyj-gravplassen.

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre