Lviv

by vest i Ukraina
(Omdirigert frå Lvov)

Lviv (ukrainsk skrift Львів, russisk skrift Львов, tysk Lemberg) er ein by vest i Ukraina. Byen vert rekna som det største kultursenteret i Ukraina i dag. Det historiske hjartet i byen med gamle bygningar og brusteinsgater overlevde andre verdskrigen og den påfølgjande sovjettida stort sett uskadd. Byen har mange industriar og institusjonar for høgare utdanning, som Lviv universitet og Lviv polyteknisk. Lviv har òg mange kulturinstitusjonar som eit filharmonisk orkester og det kjende Lviv opera og ballett. Gamlebyen er innskriven på verdsarvlista til UNESCO. Omkring halvparten av alle kulturminna i Ukraina finst i Lviv.

Lviv
Львів
by
Gamlebyen i Lviv.
Flagg
våpen
Motto: Semper fidelis
Land  Ukraina
Oblast Lviv oblast
Rajon Lviv bykommune
Høgd 296 moh.
Koordinatar 49°51′0″N 24°01′0″E / 49.85000°N 24.01667°E / 49.85000; 24.01667
Areal 182,01 km²
Folketal 756 618  (2012)
 - storby 1 498 000
Folketettleik 4 157 / km²
Grunnlagd 1240-1247
 •  Magdeburgrettar 1356
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 79000
Retningsnummer +380 32(2)
Bilnummer BC (før 2004: ТА, ТВ, ТН, ТС)
Kart
Lviv
49°50′33″N 24°01′56″E / 49.8425°N 24.032222222222°E / 49.8425; 24.032222222222
Kart som viser Lviv.
Kart som viser Lviv.
Kart som viser Lviv.
Wikimedia Commons: Lviv
Nettstad: http://lviv.travel/en/index (engelsk)

http://www.city-adm.lviv.ua (ukrainsk)

Byen har dagleg flysamband med Warszawa, Frankfurt og Wien.

I 2009 kåra det ukrainske magasinet Focus Lviv til den beste ukrainske byen å bu i.[1] Sidan byen har ein vesteuropeisk atmosfære vert han kalla Ukrainas vesle Paris.

Byen var ein av vertskapsbyane under UEFA Euro 2012.

Lviv blir kalla Lwówpolsk, Lvovaslitauisk og Lembergtysk. Det latinske namnet er Leopolis, dvs. «Løvebyen».

Historie

endre

Som ein mellomalderby i Raud Rutenia vart Lviv grunnlagd i 1240-åra av kong Daniel av Galizia frå det rutenske fyrstedømet Halytsj-Volhynia og kalla opp etter sonen hans, Lev. Byen er først nemnd i skriftlege kjelder i 1256 då ein brann i byen Chełm vart sett frå Lviv. I 1349 vart Raud Rutenia og Lviv innlemma i Kongedømet Polen av kong Kasimir III den store. Lviv høyrte til Polen 1349–1772, Det austerrikske imperiet 1772–1918 og Den andre polske republikken 1918–1945. I denne perioden fungerte byen som eit stort polsk og jødisk kultursenter og polakkar og jødar utgjorde majoriteten av folkesetnaden fram til den andre verdskrigen braut ut. Då Tyskland og Sovjetunionen invaderte Polen under andre verdskrigen vart Lviv og Lwów voivodskap okkupert og annektert av Sojvetunionen og vart ein del av Den ukrainske sovjetiske sosialistrepublikken frå 1939 til 1941. Mellom juli 1941 og juli 1944 var Lviv under tysk okkupasjon og høyrte til Generalguvernementet. I juli 1944 vart byen erobra av den raude armeen og den polske heimearmeen. Etter avtalar i Jaltakonferansen vart Lviv innlemma i Ukrainske SSR. Dei fleste polakkane i Lviv vart overførte til polske område.

Etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 vart byen ein del av det no sjølvstendige Ukraina, og er i dag det administrative senteret i Lviv oblast.

Klima

endre

Lviv har eit fuktig kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering Dfb) med kalde vintrar og mild somrar[2]. Middeltemperaturen er -3,1 °С i januar og 18,3 °С i juli.[3] Årsmiddelnedbøren er 745 mm og mest nedbør kjem om sommaren.[3] Lviv får omkring 1809 soltimar i året[4]

Vêrdata for Lviv
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 13,8 17,7 22,4 28,2 32,2 33,4 36,3 35,1 31 25,3 21,6 16,5 36,3
Gjennomsnittleg maks °C −0,1 1,3 6,3 13,6 19,4 22 23,9 23,5 18,3 12,9 6 0,9 12,3
Døgnmiddeltemperatur °C −3,1 −2,2 1,9 8,3 13,8 16,4 18,3 17,7 13 8,1 2,6 −1,8 7,8
Gjennomsnittleg min °C −6,1 −5,5 −1,7 3,6 8,4 11,3 13,2 12,5 8,4 4,1 −0,3 −4,6 3,6
Lågast målte °C −28,5 −29,5 −24,8 −12,1 −5 0,5 4,5 2,6 −3 −13,2 −17,6 −25,6 −29,5
Gjennomsnittleg nedbør mm 40 44 45 52 89 89 96 76 67 51 49 47 745
Gns. dagar med regn 9 9 11 14 16 17 16 14 14 14 13 11 158
Gns. solskinstimar i månaden 65,1 79,1 111,6 189 226,3 237 254,2 223,2 180 148,8 57 37,2 1 808,5
Kjelde: Pogoda.ru.net[3]HKO (sun only 1961-1990).[4]

Folk frå Lviv

endre

Kjelder

endre
  1. Lviv is the best city for living i Ukraine – rating, UNIAN (12 June 2009)
  2. Kottek, M.; J. Grieser; C. Beck; B. Rudolf; F. Rubel (2006). «World Map of the Köppen-Geiger climate classification updated» (PDF). Meteorol. Z. 15 (3): 259–263. doi:10.1127/0941-2948/2006/0130. Henta 24. august 2012. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Pogoda.ru.net» (på russisk). May 2011. Henta 21. april 2012. 
  4. 4,0 4,1 Climatological Information for L'vov i Ukraina, Russland Arkivert 2018-12-26 ved Wayback Machine., vitja 21. april 2012.

Bakgrunnsstoff

endre
  Reiseguide for Lviv frå Wikivoyage